![]() |
|
![]() |
|
BIOGRAFI
Kort oppsummering av livet mitt før og no: Eg er fødd i Bergen i 1968. Eg voks opp på Sortland på Bømlo, ein øykommune sør i Hordaland (Sortland har no skifta namn til Svortland, noko eg aldri har jubla særleg høgt over). I 199091 gjekk eg på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og året etter debuterte eg med mi første bok, Det er ikkje natta, Samlaget 1992. Eg har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne. Bøkene mine er gitt ut i USA, Canada, Italia, Frankrike, Spania (på spansk, katalansk og baskisk), Nederland, Tyskland, Austerrike, Sveits, Ungarn, Bulgaria, Sør-Korea, Taiwan, Sverige, Danmark, Færøyane, Finland, Litauen, Egypt og Palestina. Eg er elles glad i fersk torsk med mandelpotetpuré og ein akkurat passe dyr italiensk vin. Her er litt meir om meg. |