Piggsvin forlag
Bjørn Sortland på Facebook
english

AKTUELT - PIGGSVIN FORLAG

AUGUST 2017

Vladivostok, baby!
I september reiser "Julie (15)" til filmfestivalen IFF Pacific Meridian 2017 i Vladivostok. Stas!

 IFF Pacific Meridian 2017

Julie (15)

JULI 2017

Til hausten
kjem to nye Kepler62-bøker. Sånn cirka oktober. Her er frå bok nummer fem,"Virus", av Timo Parvela. Illustrert av Pasi Pitkänen, som alltid.

Kepler62, Virus

Kepler62, Virus

FEBRUAR 2017

Premiere
på kortfilmen Julie (15) 31.1.17 under festivalen Filmfest på Bergen Kino. Dyktige Sari Sangolt spelte hovudrolla. Topp stemning og diskusjon etter filmen med Kalle Løchen som "moderator".

(Foto frå innspelinga)

JANUAR 2017

God nytt år!
"The Rocket" eller "Fireworks on Hudson River"
("The Rocket" eller "Fireworks on Hudson River". Oljemaleri av Edward Middleton Manigault, 1909.)

OKTOBER 2016

Kepler62-lansering
på frukost-tv og bokmesse i Helsinki. Eg var så dautrøtt at sminkedama måtte smørja  kraftigt på. Eg var eit stort, statisk smil heile dagen.

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Filmen vår "Bakkekontakt"
er tatt ut til programmet til KinoKino sin kortfilmfestival i Sandnes no i oktober.

KinoKino

Bakkekontakt

Filmen vår "Bakkekontakt"
er tatt ut til programmet til KinoKino sin kortfilmfestival i Sandnes no i oktober.

KinoKino

Bakkekontakt

2 nye Kepler62-bøker lansert!
Reisen og Pionerer er no ute i bokhandelen.

Reisen(Reisen)

Pionerer(Pionerer)

SEPTEMBER 2016

Nye Kepler62-bøker
Bok nummer 3 og 4 i Kepler62-serien er sendt til trykk i dag. Kjem ut tidleg i oktober. Juhu.
Timo Parvela har skrive bok nummer 3: "Reisen". (ISBN: 9788293323112)
Eg har skrive bok nummer 4: "Pionerer". (ISBN: 9788293323129)

Reisen

Pionerer

JULI 2016

Me lagar kortfilm
i lysets Magic Hour.

Kortfilm

Juni 2016

Me har laga
ein liten teknisk-gotisk sommarfilm om forelsking og rødming. Nils Johan Lund  har animert, eg har produsert og skrive manus. Tomtom har laga lyd, og Myrna Braza si vidunderlige stemme bind det heile saman.

APRIL 2016

Kepler62-serien
seld til Frankrike og Færøyane:

Finnish-Norwegian book series takes off around the globe

The story, accompanied with fascinating illustrations, begins with a video game and evolves into a space adventure, questioning many aspects of modern society.
The translation rights to the six-part space adventure book series Kepler62, created by Timo Parvela and Pasi Pitkänen from Finland and Bjørn Sortland from Norway, have been sold to the French publishing house Éditions Nathan.
“We fell in love with the modernity of the series and the fact that the story begins with a video game and evolves into a space adventure, not to mention its fabulous illustrations,” says Cécile Verdierfrom Éditions Nathan.
According to Verdier, Kepler62 was a perfect find, as Éditions Nathan has especially been looking for richly illustrated books that are easy to read yet thrilling. Verdier is full of praise for Pitkänen’s artwork in particular: “The illustrations with their beautiful colours and rhythm add strength and amazing originality to the story.”
The first parts of the adventure that addresses many of the topics current in today’s society were published simultaneously in Finland and in Norway in autumn 2015. The four remaining instalments will be published in 2016–2017.
The Kepler62 book series has previously been sold to South Korea, Faroe Islands, Hungary, Turkey and Estonia.

Kepler 62

MARS 2016

Lansering
av Las Vegas-mysteriet på Mathopen skole. Litt trist og litt fint med den aller siste boka i serien om Kunstdetektivene. Takk til Trond Bredesen for følget i 16 år - den beste fyren eg kunne hatt med. (Klikk på bildet for større versjon)

Lansering

Las Vegas-mysteriet
kjem plutselig til ein butikk nær deg. Bøkene er sendt frå trykkeriet no!  

Las Vegas-mysteriet

FEBRUAR 2016

Las Vegas-mysteriet
er klar 1. mars. Her sit bla. onkel William og David på Roy's Diner og legg opp ein cunning plan for å møta truslane frå psykoskurken Svartvik. Kul illustrasjon?
Det er Trond, ja.


(Illustrasjon: Trond Bredesen)

OKTOBER 2015

Følg hovudpersonen min Marie på youtube
- der ho har ein serie med ei eiga, hemmeleg videodagbok.

Tumblr-bilder frå Kepler62:
Nedtelling

Her er Marie, min nye hovudperson i Kepler62-serien

SEPTEMBER 2015

Knall på Barnebokfestival i Oslo
Eit utruleg bra opplegg, med dugnadsånd og høg kvalitet på innhald og innpakning. Piggsvin Forlag var også med ...

Barnebokfestival i Oslo

Kepler62-serien seld til Korea!

Kepler62-serien seld til Korea!

Kepler62 Nedtelling

Kepler62 Invitasjonen

AUGUST 2015

Jippi!
Nominert til ARKs barnebokpris 2015!

Nedtelling cover

JULI 2015

Her er Marie!
Ho er hovudpersonen i ein ny spenningsserie som kjem ut i september. Det skal bli seks bøker om henne og Ari, som blir sendt av garde til planetsystemet Kepler62.


(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)

JUNI 2015

Zara og dei i Aasentunet
Forestilling med Zara og dei under Dei nynorske festspela. 120 ungar ville ha tatoveringar etterpå.

Forestilling med Zara og dei under Dei nynorske festspela

Zara og Dei

MAI 2015

Ny bokserie til hausten!
I september kjem dei to første bøkene i ein ny spenningserie skriven av finske Timo Parvela og meg (han som skriv Ella-bøkene). Serien heiter Kepler62, og handler om barn/ungdom som blir plukka ut og sendt til planetsystemet Kepler62 - eit farefullt og nifst opplegg. Bøkene er illustrert av Pasi Pitkänen, som også har illustrert Angry Birds. Her er ein liten trailer, laga av Nils Johan Lund, basert på Pasi sitt cover.
Be part of the story, som det heiter på inglish.

Kepler62

NOVEMBER 2014

Zara og dei; Gorillahjerne til middag
Fin blogartikkel frå Meland bibliotek.

OKTOBER 2014

Lydboka er også klar!
Roma-Mysteriet som lydbok.

Roma-Mysteriet

Kunstdetektivene tar Roma!
Les meir i bok365.no sin artikkel.

Roma-Mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Plutselig!
Språkvask og korrektur tok si tid, men no er Roma-mysteriet for lengst i trykk, og kjem plutselig 7. oktober.

Roma-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

JULI 2014

Trondheim-mysteriet
er heilt oppe på 6. plass over mest selde, nye norske barnebøker første halvår 2014.
Gratulerer til Bjørn F. Rørvik med førsteplassen!

TRONDHEIM MYSTERIET

MAI 2014

Roma-mysteriet
kjem i oktober 2014. Som vanleg er det Trond Bredesen som har laga den fine omslagsillustrasjonen. Jonas Boström har laga det nye designet.


(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Takk og lov
for bloggarane.

TRONDHEIM MYSTERIET
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

MARS 2014

Ein smakebit
Trondheim-mysteriet.

TRONDHEIM MYSTERIET
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Halvard sitt rullande bibliotek
med Zara og dei.

Halvard sitt rullande bibliotek

I dag henta eg Trondheim-mysteriet på trykkeriet!
Var så happy at den blei bra, at eg kjørte i feil fil med motgåande trafikk heim, heldigvis redda Elisabeth Kleppe meg med rolig stemme, slik at ikkje eit kræsj blei lanseringoppslaget i avisa. Kjendis-Norge jubler!

I dag henta eg Trondheim-mysteriet på trykkeriet!

FEBRUAR 2014

Eg øver meg,
eg øver meg på krim-looken ...

Bjorn Sortland

Trondheim-mysteriet sendt til trykk
David og co kjappar seg det dei kan til bokhandelen.

Trondheim-mysteriet sendt til trykk
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Snart blir Trondheim-mysteriet
sendt til trykkeriet! - Sjå kor himla flink Trond Bredesen er!

Trondheim-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Årets påskekrim for barn ...
kjem i mars. Trond Bredesen illustrerer.

TRONDHEIM MYSTERIET
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

JANUAR 2014

Vi kjem plutselig tilbake ...
med ny bok om Kunstdetektivene på nye eventyr. Trond Bredesen illustrerer som vanleg. Sprek location, spektakulær handling, sexy skurkar som er meir evil enn nokon gong. Følg med!
Kunstdetektivene på nye eventyr(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Kunstdetektivene på nye eventyr
Her er omslagsillustrasjonen til den nye boka om David. Den kommer ut nå i år. Også denne gangen må David slåss på liv og død mot gamle fiender. Kan du se på bildet hviken by han er i? Viss du greier å gjette det, blir du med i trekningen om en signert bok i posten når den kommer ut. Send svaret til: bjorn.sortland@gmail.com

Kunstdetektivene på nye eventyr (Illustrasjon: Trond Bredesen - selvfølgelig)

NOVEMBER 2013

Zara og dei
er på veg frå trykkeriet. There will be naseblood.
Zara og dei

No er bluseboka komme i pocket!
Kva er det å ikkje elska med denne boka?
BIBLIOTEKAREN DIN (blogg)

No er bluseboka komme i pocket!

OKTOBER 2013

Zara og dei
No venter eg spent på bildeboka om Zara og dei, som er sendt til trykk. Det blir kanskje ein liten serie for dei yngste lesarane, første boka heiter Gorillahjerne til middag. Elisabeth Moseng lagar dei kule illustrasjonane. Dette blir nifst bra.
(Utgitt på Piggsvin Forlag AS, distribuert gjennom SD).

JUNI 2013

Meir blogg
om bluse-boka.

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

OKTOBER 2012

Endeleg!
Romanen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (ISBN: 9788299839525) er i salg nå. Endeleg.

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar
i salg frå 20. oktober.
ISBN: 9788299839525

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

AUGUST 2012

Blåtur
Saman med Ivar Aase (regi), Jan Inge Wiig (medprodusent) og Andreas Bru Eide (fotograf) har me i vel eitt år jobba med å laga thrillerer Blåtur som no er i etterproduksjon. Sjølv om ein del arbeid gjenstår, begynner greia å ta form. Det blir såkalt veldig spennande framover. Eg kjem til å leggja ut meir om dette, men her er ein første teaser.

Meir om filmen:
Litt på NRK Vestlandrevyen
facebook.com/Blaatur

FEBRUAR 2012

Bønna 4 i salg frå 15. februar
Bokhandlarar finn boka på Mentor, med ISBN 978-82-998395-4-9

Bønna 4 i salg frå 15. februar

JANUAR 2012

Ny Bønna-bok sendt til trykkeriet
Bønna og B-laget 4: Samling i bånn er nå sendt til trykkeriet. Her treffer Bønna og B-laget ein nifs nerd som gir dei eit tilbod dei ikkje kan takka nei til. Boka kjem no ut i februar.

Bønna og B-laget 4: Samling i bånn
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Bønna 3+4 som lydbok
Frank Kjosås har lest inn dei to siste bøkene om om Bønna og B-laget. Lydboka er snart i salg. Og bok nummer 4 i serien om Bønna og co, Samling i bånn, kjem ut  i begynnelsen av februar.

Bønna og B-laget

DESEMBER 2011

Nytt opplag
av første boka med Bønna og B-laget kjem ferskt frå trykkeriet onsdag. Så no treng du ikkje sove dårleg om natta lenger. 

Bønna og B-laget

NOVEMBER 2011

Ny bok i januar
Jobbar for tida med å skriva ferdig Bønna og B-laget nummer 4. Trond og Elisabeth har allereie laga omslaget. Denne gongen treffer dei ein nerd som er meir nerd enn alle nerdar Bønna og co har truffe før. Viss dei nerdar saman med han kan dei få tur til London.

Bønna og B-laget nummer 4.

MAI 2011

Lydbok med Bønna og B-laget 1+2
Frank Kjosås har lest inn dei to første bøkene om Bønna og B-laget, som no er i sal.
Han les så godt, er veldig online med teksten.

Lydbok med Bønna og B-laget 1+2

Vits

Ny serie

MARS 2011

Ny Bønna og B-laget klar!
B-laget lager B-film er bok nummer tre i serien om Bønna og B-laget. Boka flettar saman zombiar og fotball på ein unik måte - og kan også by på litt panfløytemusikk heilt på slutten. Kanskje.

B-laget lager B-film

Bønna og B-laget 3 sendt til trykk i dag
Dette blir go' knall! Boka kjem i sal 23. mars.

Bønna og B-laget 3

FEBRUAR 2011

Bønna og B-laget 1+2 som lydbok
4. mai kjem begge dei første bøkene om Bønna og vennene som lydbok. Yeah!

lydbok
Bønna og vennene som lydbok

Siste fiksing før ferdig bok
Trond og eg held på å fiksa dei siste tinga før Bønna og B-laget nummer 3 går til trykkeriet. Her er Ole Gunnar Solskjær og Alex Ferguson. Og den ikkje fullt så kjente John-Åge Ristoft.

Bønna og B-laget nummer 3

Det nærmar seg ...
Fekk berre lyst til å leggja ut denne kule illustrasjonen som Trond Bredesen har laga til den nye Bønna og B-laget boka.
Bønna og B-laget 3

JANUAR 2011

Ny Bønna og B-laget 3 snart klar!
Trond skissar og teiknar på den nye boka om Bønna og B-laget som kjem no i mars. Første boka i serien er snart utseld, og nummer 2 er det også mange som har kjøpt. I bok nummer tre er B-laget veldig på høgget, i tillegg skal dei laga film. Går det an å kombinera zombiar og fotball?
Bønna og B-laget 3

DESEMBER 2010

"... lettlest og dessuten utstyrtelig morsomme"
Herleg kritikk av Bønna og B-laget på bibliotekar Eli Frisvold sin overdådige bokblogg.
covercover

NOVEMBER 2010

Ny bok!
Bok nummer 2 med Bønna og B-laget er klar! Denne gongen handler det om straffesparkteknikk - og om kyssing. Bokhandlere finner den på Mentor.

Bønna og B-laget
(ISBN: 978-82-998395-1-8)

OKTOBER 2010

Første bok i ny serie ferdig!
Bønna og B-laget knaller til i boka Ikke bøll med benkesliterne som eg har laga saman med Kunstdetektivene-illustratøren Trond Bredesen. Vi har hatt det gøy når vi laga denne, og håper at du som lesar også liker den.

Ikke bøll med benkesliterne
(ISBN: 978-82-998395-0-1)

Bønna og B-laget nummer 2
kjem i sal allereie 11. november i år. Tittelen er Et kyss for et mål.

Et kyss for et mål
(ISBN: 978-82-998395-1-8)

Bønna og B-laget
Og her er mi første bok - og første bok i ein ny serie som eg lagar saman med Trond Bredesen - han illustrerer også serien om Kunstdetektivene. Elisabeth Moseng er designer. Boka er i sal frå 18. oktober. Her er omslaget med baksidetekst, rygg og alt. Bokhandlarar kan no finne boka på Mentor.

Omslag