Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Julie & Jonas 1: Tu Ducs skatt
(spenningsroman for barn)
1997 Det Norske Samlaget
Danmark 2000 Gyldendal
Færøyane 2003 BFL

UTDRAG: - Er de Julie og Jonas? spør han.
- Ja, seier Julie.
Mannen sukkar og ser på dei med redde auge.
- Det har skjedd noko forferdeleg, seier han. - Det verste som kunne skje.
- Kva då? spør Jonas.
Den vesle mannen ristar på hovudet og vrir hendene.
- Sonen min Thanh skulle jo treffa dykk her. Men i natt vart han borte. Dei har tatt han. Denne lappen var festa til døra mi i dag.
Han gir ein lapp til Jonas. Jonas les sakte og set om: Gi oss løysinga på kor skatten til keisaren er, elles ser du aldri meir sonen din. Prøv ikkje å tilkalla politiet eller andre. Vi kontaktar deg i morgon.

HANDLING: Julie og Jonas er på tur saman med foreldra til Vietnam. Dei blir kjent med sonen til ein arkeolog som veit noko han ikkje skulle vita. Plutseleg har dei rota seg inn i eit evntyr som er i alle fall to nummer for stort for dei.

KRITIKK:
Morsom seriestart. Med glimt i øyet og ingen bruk av klisjeer gir Sortland sjangeren et løft.
Anne Stefi Teigland, BERGENS TIDENDE

Lovende start.
Harriet Eide, DAGBLADET

Godbit for bokslukarar.
SULDALSPOSTEN

Ein av dei beste lettleste spenningsbøkene for barn og unge!
Leikny H. Indergaard, avdelingsleiar ved Rogaland Fylkesbibliotek

Boka har knappe setningar, mykje dialog og korte kapittel og er derfor lett å lesa. Interessant kunnskap om Vietnam får ein også med seg.
STAVANGER AFTENBLAD

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Eg fekk heile Fem-serien av Enid Blyton av kona til bursdagen min, og fekk der og då lyst til å skriva ein serie sjølv. Så dukka Julie og Jonas opp. På ei reise i Vietnam høyrte eg i tillegg om den hemmelege skatten til keisaren Tu Duc som ingen har funne. Slikt blir det fort spenningsbok av.