BØKER: MEIR INFO

Triks
(ungdomsroman)
2006 Lettlest Forlag
Danmark 2007 Forum
UTDRAG: - Kom her, seier ho plutseleg.
Ho står og blandar eit kvitt pulver ut i ei bøtte med varmt vatn.
- Kalvegodt, seier Ruth. - Det er mormjølkserstatning til kalven.
Ho stikk fingen nedi bøtta, og rettar han deretter opp mot munnene min.
- Smak. Det smakar ikkje så gale.
Eg smakar på fingeren hennar. Han er søt og varm. Ho ser på meg med triste auge. Dette burde kanskje vore pinleg. Men det er ikkje det.
- Du ser litt deppa ut, seier eg.
Ho ser på meg med store, nesten våte auge.
- Gidd du å gi meg ein klem? spør ho. - I dag døydde hunden min.
- Eg visste ikkje at du hadde hund.
HANDLING: Ei forteljing om ein 16-årig gut sin taktikk for å få seg dame. Han får god hjelp av klassevenninna Ruth til å kapra den vakre utvekslingsstudenten Janice. Men gode råd i kjærleik kan føra til dei mest uventa ting.
KRITIKK:
Utover å vera lettlesen er det ei svært god bok, ein dialogbasert tekst lesarane vil kjenna seg igjen i. Å ta sjansen på å nærme seg den vakre, uoppnåelege. Å ta sjansen på utsetje seg for andre si avvising. Boka fortel truverdig om prøvande kjærleik og nye, spennande kjensler.
Janne Karin Støylen, NYNORSKBOK.NO
Dette er en flott ungdomsroman.
Ine Marit Torsvik Bertelsen, BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR
Ei kort og lettlesen historie som fekk meg i godt humør.
ØNSKEBOK.NO
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Denne forteljinga er beisa på ein tru ståry, ein god kompis hadde opplevd noko som likna veldig på dette.