BØKER: MEIR INFO

Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord
(biletbok for vaksne, med Fam Ekman)
1997 Det Norske Samlaget
UTDRAG: På natta jobbar fallskjermhopparen i radioen. Ho snakkar mest om kjærleik, men er usikker på kven ho eigentleg snakkar til.
På dagen derimot går ho berrføtt rundt på stranda ved havet og pakkar vengene. Det er dei same rørslene ho har gjort hundrevis av gongar før. Ho kunne ha pakka i blinde, men ho vaktar på at det aldri vert sjølvsagt, at alt alltid må vera like nytt som første gongen. Det er denne sugande rastløysa som driv henne til å alltid vera like tolmodig, like møysommeleg.
Sidan ho no er fallskjermhoppar, ventar folk svar frå henne på alle slags spørsmål.
- Er det sjølve hoppet? Eller svevet etterpå? Er det døden?
Ho ventar alltid ei lita stund med svaret: - Det er tyngdelova, seier ho så og ser dei rett inn i augo.
HANDLING: Ein kvinneleg fallskjermhoppar og ein mannleg togførar leitar etter kvarandre utan å vera heilt klar over det.
KRITIKK:
... et av de mest vellykkede eksempler på tekst og bilde jeg har sett... de er melankolske i grunnstemningen, med en litt sår, skjør humor som passer som hånd i hanske til teksten. Og teksten kommenterer historien og bildene og seg selv - på samme tid. Her er ordspill og munnhell som materialiseres i tekst og bilder som griper en detalj i teksten og spinner på den. Både tekst og bilde er poetisk så sterke at enkelte godt kan stå på egne ben, som lyrikk eller billedkunst ... Sortland/Ekman er sammen en kreativ energi som ikke ligner på noe annet. Vemodig, vakkert og meget poetisk.
Anne Schäffer, BERGENS TIDENDE
Kombinasjonen av bilder, tekst og design er en total nytelse.
Camilla Sørbye, VÅRT LAND
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Ei biletbok for vaksne er ikkje lett å få utgitt, bibliotekarar eg har snakka med visste ikkje kva hylle dei skulle plassera boka i. Men eg grein meg til det, for eg ville så veldig gjerne jobba saman med Fam Ekman, ein av dei finaste illustratørane eg veit om.