Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Det er ikkje natta
(ungdomsroman)
1992 Det Norske Samlaget

UTDRAG: Ho visste at han såg på henne:
- Er alle kvinner vakre, Steve?
- Ja, merkeleg nok så er dei det.
- Det trur eg ikkje på.
- Jo, alle jenter er fine på ein måte, same kor feite eller skranglete eller kvisete dei er. Det er i allfall ein stad alle jenter er fine.
- Kor då?
- Her, sa han og lyfta håret hennar til sides og kyste ho varsamt rett bak øyra.
- Her, sa han. - Rett her ved hårskiljet, her kor dei fine, lyse nakkehåra er. Det høyrest sprøtt ut, men her er alle jenter ... jenter. Same korleis dei elles ser ut.
- Anten er du eit bra menneske, Steve. Eller så er du svært god til å lyga.
- Eg er no helst begge deler.

HANDLING: Romanen handlar om Steve og Roy, to kompisar i ei vestlandsbygd. Dei slit begge med sitt, og forelskar seg i same dama.

KRITIKK:
Bjørn Sortland debutbok tar en 16-årings tanker på kornet. Han er treffsikker i sin beskrivelse av hvordan en ungdom famler seg fram til sin egen identitet.
Elin Madsen, BA 

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Eg skreiv romanen mens eg gjekk på Skrivekunst-akademiet i Hordaland, romanen min vart antatt siste dagen på skulen, men den kom ut våren året etter. Eg syntes det var ein svært blanda ting å debutera som forfattar, angra eigentleg på heile greia.