Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Love Light
(ungdomsroman)
1996 Det Norske Samlaget

UTDRAG: - Du går berre rundt og er molefunken. Finn deg ei eller anna alminneleg, sympatisk jente som luktar godt og har litt sans for humor - smekk, så kan de berre gifta dykk og vera lykkelege resten av levetida, sier Tonje. Ho er ei søster som har for mange gode råd til overs ... Trur eg så ikkje på kjærleiken? Tja. For eigen del treng eg eit teikn, nokon som får meg til å tru at eg skal satsa på dette eine mennesket framfor alle andre: Livet må stoppa opp, eller i det minste gå i sakte kino når ho er til stades. Eg treng eit under i livet mitt. Eg treng ei som trur på englar. Og det anar meg at eg ein gong kanskje muligens trefte henne.

HANDLING: Love Light er eit sjølvstendig framhald av romanen Himmelkyss. Også denne gongen er Kjetil på leiting. Finn ein ikkje kjærleiken, er det ikkje anna råd enn å dra ut på vegen og leita.

KRITIKK:
... et lite sjarmtroll av en ungdomsroman ... Dessuten er det mer enn en kvikk reisefortelling Bjørn Sortland leverer her. Under Kjetils kjappe formuleringer og raske forflytninger ligger et sårt alvor og en urolig lengsel. Han leter etter en kjæreste, men søker kjærligheten. Den som det er verdt å ofre noe for, den som en må satse alt for å vinne. Det ligger en tro i bunnen av denne boka på at det finnes en kjærlighet verdt å slåss for, også for rappkjefta, selvironiske og mobile unge mennesker. Det er ikke lite bare det.
Liv Riiser, VÅRT LAND

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Himmelkyss opna for ei neste bok. Eg vaks opp på vestlandet med lange vegar og mykje bilkjøring. Det er ikkje til å unngå at det stadig dukkar opp road-romanar frå dette landskapet. Mange før meg, slektningar og naboar, har også ein eller annan gong i livet reist til USA og kjent seg einsam og lost på eit tilfeldig motell.