Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Den gongen eg liksom-døydde
(barnebok)
2006 Aschehoug

UTDRAG: Ho har t-skjorte med stort glitterhjarte på. Armane hennar er nakne. Den venstre armen hennar kjem borti armen min. Synd at eg har våtdrakt.

HANDLING: Ein gut treffer ei jente han likar litt meir enn veldig godt. Han har eit spørsmål:
SPØRSMÅL: Kva kan du gjera viss jenta du likar kanskje likar ein annan gut betre?
SVAR: Hoppa i havet!

KRITIKK:
Søt.
Ine Marit Torsvik Bertelsen, BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR

Jubler høyt i sky ...
Eli Frisvold, ELIS LESEBABBEL

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Denne boka hadde eg gledd meg lenge til å skriva, har hatt tittelen klar i årevis. Når eg fekk Øyvind Torseter med meg, sette eg endeleg i gong. For spesielt interesserte: Boka er også skriven som eit slags svar på korleis vaksenromanen For så høgt har eg elska (Gyldendal 2004) eigentleg kunne ha slutta. Eg skil ikkje så mykje mellom å skriva for barn, ungdom eller vaksne.