BØKER: MEIR INFO

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar
(ill. av Kim Hiorthøy)
1997 Aschehoug
Tyskland 1999 Fischer
Danmark 1999 Forum
Italia 2001 Salani
Spania 2005 Edelvives
Egypt 2010 Sphinx
UTDRAG: - Cecilie Wang som har nesten heilt grøne auge, slik ingen andre jenter i heile verdensrommet har. Cecilie Wang som har munn som ei deilig, raud plomme, og fint, lyst hår kor små krystallar legg seg mjukt når det snør.
No er det negla på langfingeren som vert riven av. Fredrik riv alltid negler når han fortel.
- Veit du kva du må gjera for å få deg kjæraste? spør Fredrik.
- Nei, seier eg.
- Det er tre ting ein må gjera for å bli kjent med ei jente som ein bli kjæreste? spør Fredrik.
- Nei, seier eg.
HANDLING: Korleis får ein seg eigentleg ein kjærast? Fins det noko oppskrift, som å laga pizza eller noko? Blir det enklare når ein er vaksen?
KRITIKK:
Verd sine kameler ... Det holder ikke å ta av hatten for Sortland og den siste barneboka hans. Man må stå på hodet og hive hatten til himmels.
Camilla Sørbye, VÅRT LAND
Sammen med Kim Hiorthøy, gjennom karikerte illustrasjoner, lager Sortland en ellvill bok, men ikke blott til lyst. Den som ikke erfarer en liten stikkpille til foreldre, leser boka dårlig.
Harriet Eide, DAGBLADET
Her manglar ikkje på alvor om skilsmisse, dårleg økonomi og oppvekstproblematikk elles, men boka står att som eit reindyrka litterært verk utan å skjemmast av altfor påfallande pedagogisk misjonering.
May Grethe Lerum, VG
Boka er fylt av humor og latter, men den er tildels også vemodig og underfundig. Riktig en bok å kose seg med i kalde vinterkvelder.
NRK
Det er når Sortland fortel Fredrik si historie, at eg tykkjer han er på det aller beste: Med svært god innleving får han fram einsemda, vemodet, fortvilinga, desperasjonen, redsla. Dei forsiktige kjenner seg igjen, dei tøffe forstår korleis det er å vera Fredrik. Denne evna til å setja seg i Arve og Fredrik sin stad, kombinerer Sortland med litterær kraft og snert. Derfor er det blitt ei svært god bok, full av varme og humor. Så vann han også førsteprisen i Aschehougs konkurranse om beste barneroman 1997.
Margunn Ueland, STAVANGER AFTENBLAD
Sympatien ligger udelt på de stakkars guttenes side i denne romanen, som viser hvor tåpelig voksne kan te seg.
Hilde Bjørhovde, AFTENPOSTEN
Den lattermilde historien er fortalt med underfundig humor og språklig snert ... Men dynamikken som ligger i forholdet mellom hva vi kan kalle en barnlig og en voksen erfaringshorisont gir også voksne lesere noe å tygge på.
Anne-Stefi Teigland, BERGENS TIDENDE
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Aschehoug hadde ein romankonkurranse, og sjølv om eg meiner det er umuleg å konkurrera i litteratur, så heiv eg meg på. Tittelen kom til meg sånn bang, så det var berre å skriva det rett ned, alt gjekk svært fort. Eg vant konkurransen, tok imot blomane, klemte dama, heva sjekken, fekk utgitt boka før eg visste ordet av det.