BØKER: MEIR INFO

Himmelkyss
(ungdomsroman)
1994 Det Norske Samlaget
Danmark 1996 Forum
UTDRAG: Sara stod på den andre sida av sperringa. I ei rask rørsle hadde ho brått vrengt av seg Bob Dylan t-skjorta, og heiv den over til meg.
- Slik at du ikkje gløymer lukta mi. Ansiktet kjem du likevel til å gløyma. Elles studerer eg i San Francisco til våren. På Universitet der. Take care, funny guy!
Bilete av Sara der ho stod midt på Ben Gurion-flyplassen i Tel AViv i berre bh-en mens det rann ei tåre nedover kinnet hennar, fraus fast i meg. Så tok ho fort på seg flanellskjorta si, og begynte å gå sakte ut. Korleis skulle eg resten av livet mitt kunna gløyma henne?
HANDLING: Kjetil er meir enn lei av livet heime med mor og far og ei kørka søster. Så får han ein konvolutt med tjuefemtusen kroner hos ei jente som er død. Han bestemmer seg for å reisa for å halda eit løfte han gav henne mens ho enno levde.
KRITIKK:
Vakker ungdomsroman om alvorlig tema.
Truls Horvei, HAUGESUNDS AVIS
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Eg skreiv Himmelkyss etter ein tur til Egypt, eit av dei landa eg alltid har lyst å reisa tilbake til. Eg jobba lenge med den, lærte at sjølv om ein gjer god research, så er det langt frå alt som kan brukast i ein roman. Mykje av skrivinga gjekk på å rett og slett kasta tekst som ikkje var god nok. Eg vann nynorsk litteraturpris 1994 for denne.