BØKER: MEIR INFO

Forteljinga om jakta på forteljinga
(biletbok med Lars Elling)
1995 Det Norske Samlaget
1995 Dagens Bok
Amerika/Canada 2000 Carolrhoda/Lerner Books
Sør-Korea 2002 Gimm Young
UTDRAG: Det var ein gong ein gut som heitte Henrik og var så glad i bøker, og kvar kveld las onkelen ei forteljing for han. Slik skulle denne forteljinga ha begynt. Det gjer ho jo òg, ho er allereie nesten tre setningar gammal. Men det er noko som er feil! For det er likevel ikkje slik at onkel kvar kveld les for Henrik. Det er tvert imot Henrik sjølv som les høgt, fordi onkel Brikt er så redd for at bøkene han har lånt på biblioteket skal verta våte.
- Er det eigentleg så lurt å ha bøkene på badet? spør Henrik, sjølv om han veit at onkelen ikkje er heilt som andre.
- Som ein klok mann har sagt: Alt ein treng her i livet er bøker og eit badekar med syrin-og kanel-badesalt, svarar onkel.
- Kva for ei bok skal du lesa for oss i kveld, vesle bokorm?
HANDLING: Ein dag då hovudpersonen Henrik (9) skal lese høgt for onkel Brikt i badekaret, viser det seg at boka han har funne har berre blanke sider. Onkel sender han til biblioteket etter ei ny bok, og på veg dit finn han ei mystisk, grøn lue. Dermed skjer det noko utruleg og forferdeleg og spennande på ein gong.
KRITIKK:
Dette er en barnebok som kan være interessant for den voksne og barnet ... Historien i seg selv kan fenge et barn og bildene fascinerer med sterke farger, en spesiell skyggeteknikk som skaper en magisk fortellersfære og morsomme karikaturer av forfatterne. Det er en barnebok av vår tid som stiller spørsmålet: Hva skjer om ingen leser bøker? Hvis ingen lenger er opptatt av litteraturen, vil den være død ... Denne boken kan være en håndsrekning fra en uoppdaget verden.
Tiril Bryn, MORGENBLADET
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Dette er andre boka i Lars Elling og meg sin bildebok-triologi. Her dukkar Henrik opp, han er bror til Oda, og er svært glad i bøker. Vi sat også denne gongen i same rom og drodla fram forteljinga. Det vart mykje diskusjon før vi vart ferdige med bildebokversjonen av litteraturhistoria. Alt saman skulle jo beisast på ein tru ståry.