BØKER: MEIR INFO

For så høgt har eg elska
(roman)
Gyldendal 2004
UTDRAG: Det er tusenmillionar ting. Kvifor elskar eg Ho Eg Elskar? Ho har ein liten føflekk på høgre underarmen. Ho satsar alltid på skjøre prosjekt. Ho likar at eg kjører fort. Ho likar at eg røykjer. Ho har så diskrét parfyme at ein må nær innpå henne for å kjenna den. Ho har sinnsvakt svart, skinnande hår. Ho er smartare enn meg. Ho ler når ingen andre ler. Ho søv så stille at eg alltid er redd for at ho er død og aldri kjem til å vakna. Ho les nesten alltid ei bok, sjølv når vi snakkar om døden. Ho er ikkje redd for å dø. Virkelig ikkje. Ho latar aldri som om ho grin. Ho evnar når det er påkrevd å hata. Ho er lett i kroppen som ein fugl når eg løfter henne. Ho trur ikkje udelt på det gode i menneske. Ho er kynisk utan å dømma. Ho seier at eg er teit som held fram å røykja når eg seier eg er redd for å dø. Ho er blir ikkje imponert av at eg igjen har fått kreft. Ho går ikkje heim før dei sløkkjer lysa. Ho er alltid edru på fest. Ho seier at eg luktar av flyplass. Ho har fått eit par idiot-lærarar til verkeleg å vurdera yrkeskarrieren sin. Ho har slått meg når ho er blitt sint. Ho tilgir ofte før vi har begynt å krangla. Ho lengtar heim til Gud. Ho ler oftare enn ho trur av vitsane mine. Ho seier av og til at ho ikkje alltid veit om ho greier å tru på kjærleiken. Ho har ein gong våga å satsa på kjærleiken. Ho er eit godt menneske. Ho kjem til å bli ei god mor. Ho kjem til å ha like uuthaldeleg vakre augo fram til den dagen ho dør.
HANDLING: Med sveittetokter, ein drastisk upålitelig mage og galopperande hypokondri ventar Johannes på at Ho Eg Elskar skal komma heim. Men i staden kjem ei klar og kryptisk melding: ho vil vera i fred.
Men vil ho det? Johannes tømmer må-absolutt aldri rørast-kontoen og legg ut på ei desperat leiting som fører han tilbake mot hjartet av Amazonas, der det heile starta for lenge sidan.
KRITIKK:
Sjarmerande prisvinnar. Bjørn Sortland ... vinn med sin stødige dramaturgi og sitt erfarne, personlege språk.
May Grete Lerum, VG
Bjørn Sortland vant Gyldendals konkurranse om beste kjærlighetsroman. Hans historie om den umulige kjærligheten er så rik, spennende og uvanlig at det er ytterst fortjent.
Ann Kristin Ødegård, BA
En medrivende og underholdende pageturner ...
Terje Holtet Larsen, BERGENS TIDENDE
Bjørn Sortland har skrive ei fascinerande, frodig historie ...
Steinar Sivertsen, STAVANGER AFTENBLAD
Dette er i det hele tatt et godt og konsekvent gjennomført romanprosjekt.
Anne Merete K. Prinos, AFTENPOSTEN
Et besynderlig misfoster av en kjærlighetsroman.
Øystein Rottem, DAGBLADET
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Eg jobba lenge fram og tilbake med denne boka, reiste til Brasil på den mest omfattande reserach-turen eg nokon gong har gjort. Eg hadde først tenkt romanen som ein slags krim, men det vaks fram ein rein kjærleiks-thrillar i staden. Og midt i det heile kom Gyldendal med ein kjærleiksroman-konkurranse, då var det berre å senda inn manus. Eg har blitt ein romankonkurranse-junkie.