BØKER: MEIR INFO

Den blå, blå himmelen
(barnebok med bilete av Giotto)
2000 Det Norske Samlaget
UTDRAG: Sjølv om eg likar best å vera åleine, så er det litt kjedeleg òg. Er det ingenting som skal skje med meg? Noko ... eg veit ikkje. Eg går jo og ventar heile tida på at noko skal skje. Då må det vel til slutt skje noko.
HANDLING: Elleve år gamle Giovanni frå Padova går mykje for seg sjølv og drøymer om noko han ikkje heilt veit kva er. Ein kveld når han trur han er åleine, støkk han til, snur seg og ser over skuldra. Han ser opp på ein stor, mørk og skummel skapning med ein brennande fakkel i handa. Etter dette forandrar alt seg.
KRITIKK:
Midt i støyen skriver Bjørn Sortland en stille bok for barn. Den handler om maleren Giottos blå himmel. Og om en liten gutt som på sett og vis drømmer drømmen sin til virkelighet ... Bjørn Sortland skriver tilforlatelig vakkert. Ingen spor av fikse formuleringer, bare en fortelling. Rett fram og med mye luft rundt. Det er sånn at når jeg er ferdig, tenker jeg - var dette alt? Og så går det en dag, og så går det to - og så vokser det fram et bilde i meg, ja en romfølelse som viser at fortellingen om Giovanni har tatt seg plass. Selv. Uten at jeg har gjort noe særlig for det. Det er en god fortelling.
Olav Egil Aune, VÅRT LAND
Billett til kunstens verden ... Bjørn Sortland har gjort det igjen. Skapt god kunstformidling ved god fortellerkunst. Han flytter oss raskt til Italia gjennom små italienske ord og annerledes tenkemåte. Vi er kommet til et land og en tid hvor tanker om Guds ansikt og Guds himmel er like nærværende som dagens påtrengende mediastorm ... Barn i dag har ikke tid til å lete etter perler. Du må nok hjelpe til. Boken er en liten, blå perle som trenger formidlere. Å krype oppi godstolen med denne og et barn eller barnebarn i armkroken handler om å overlevere verdier fra andre tider og steder. La deg besmitte med Giovannis fortvilelse, forundring og beundring slik at også du svever.
Anne Liv Tønnessen, STAVANGER AFTENBLAD
Teksten formidlar samstundes både ei audmjuk innstilling til den store kunsten og eit barneperspektiv gjennom den vesle guten som driv forteljinga fram - Bjørn Sortland har laga god kunstformidling for barn før, og no har han gjort det igjen.
Ingeborg Mjør, BERGENS TIDENDE
Ei perle av ei bok ... ei stille bok, blotta for alt som kan minne om tjo og hei og action, men ei bok som set fast i minnet. Kan hende vil nokre oppfatte ho som "smal", kan hende vil ho fenge vaksne vel så mykje som barn, og kan hende blir ho ingen bestseljar. Men om berre ei handfull barn får ei god oppleving ved å møta Giovanni, så er det verdt all tid, krefter og pengar som er lagt i denne boka. Sjølv trur eg mange fleire barn kan få glede av denne boka, berre dei får litt hjelp frå vaksne til å finna fram til ho og dela opplevingane.
John Roald Pettersen, NORSK SKOLE-/FØRSKOLEBLAD
Klok og fin bok ... Tonen i boka er mild og tankane djupe, og forteljinga flyt stilt framover.
Ola By Rise, ADRESSEAVISEN
FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Av all kunst eg har sett i verda har ingenting gjort større inntrykk på meg enn Giotto sine fresker i Scrovegni-kapellet i Padova.