Tokyo!
Endeleg fekk eg ut fingen og kom meg til ein by eg har vilja besøkt lenge.
Kunsten i Nasjonalgalleriet
Plastic Fantastic
Te-tradisjon-ting
Fiskemarked
Opera
Hagar om hausten
Kimonodamer i hagar om hausten
NOVEMBER 2015
Platedate
Eg var på Platedate med Alexandra Gjerpen (frå serien "Unge lovende") på P2 Kulturhuset fredag 20.11. Nevrotisk vanskeleg å velga musikk, men kjekt! Bob dukka også opp.
Kunstdetektivene blir utgitt i Bulgaria. Dette er ikkje ein gong heilt gresk for meg.
Har dratt til Frankrike
på litteratur/kulturfestivalen Les Boréalis. Rart å vera her knappe 48 timar etter terrortragedien fredag 13.11. Trass i dette absurde angrepet, er det rolig stemning, franskmenna møter det med fatning, om det går an å bruka eit slikt ord.
På SILK-festival i Skudeneshavn
Pasi Pitkänen tegner Angry Birdsgris til fansen.
OKTOBER 2015
Eg snakkar ...
mens tre tauser finnar sit og høyrer på skravlinga mi.
Signering er gøy (når det kjem folk).
På Kiasma-museet
i Helsinki.
I Helsinki
på litteraturfestival med Timo og Pasi som eg lagar Kepler62-serien med. Her har vi landa på den herlige planeten vi skriv om.
Følg hovudpersonen min Marie på youtube
- der ho har ein serie med ei eiga, hemmeleg videodagbok.
Ei årviss hending
Det halvoffisielle bildet av Ingvild og meg på Hagefest. I bakgrunnen jubler kjendis-Noreg.
Endeleg!
Etter alle desse åra: Kirrin-øya! Eg visste det heile tida, langt inni meg, at øya frå Fem-serien fantes. Ein salig sein kveld kom eg nyleg over ho. Det var stilt i borga. Onkel Quentin var som vanleg kidnappa. Anne, Georgina, Dick og Julian sov. Timmy gøydde litt, så eg sneik meg vekk. Bibliotekaren som heiv ut alle bøkene frå biblioteket tok feil. Enid Blyton fær ikkje med lygn.
Emo-dag i Game of Thrones-dag.
JULI 2015
På eit trivielt turistbesøk på eigedomen Greenway, kor Agatha Christie hadde feriehuset sitt, gjekk eg og tusla på stien som førte ned til båhuset. Eg opna døra, og der i halvmørkret låg liket av ei ung kvinne, ei jente på rundt fjorten år. Sikkert noko rollespelgreier, ho var så uhorveleg flink, låg så veldig stille så veldig lenge. Ingen kom. Eg kjente meg gammal, og gjekk til slutt opp til det store, kvite huset igjen, som hadde stengt tidlegare enn det stod på infoskiltet. Ja, ja. Det er no allslags.
BKAM!
Her er Marie, min nye hovudperson i Kepler62-serien som kjem i september.
(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)
Ærlighetsminuttet i Litauen
Romanen har nett komme ut på forlaget MMC. Alltid kult å sjå kva cover dei har gått for. Håpar ungdommen ligg i soveposar for å få tak i boka.
London-mysteriet seld til Færøyane!
Her er Marie!
Ho er hovudpersonen i ein ny spenningsserie som kjem ut i september. Det skal bli seks bøker om henne og Ari, som blir sendt av garde til planetsystemet Kepler62.
(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)
Tips til Bergen: Sjølv når det er grått & vått kan folk gå på stranda i Paris sentrum. Sjå til Paris, sa dei gamle alltid. Og om dei ikkje sa det direkte, så mumla dei det heilt tydeleg inni seg.
JUNI 2015
Zara og dei i Aasentunet
Forestilling med Zara og dei under Dei nynorske festspela. 120 ungar ville ha tatoveringar etterpå.
Ny bok til hausten
Starter ein ny serie med Ella-forfattar Timo Parvela og Angry Birds-illustratør Pasi Pitkänen i september. Romanen Nedtelling er mitt første bidrag i serien, som handler om ungar som blir sendt til planeten Kepler62. Her er coveret.
Og her har Pasi tegna crewet: Timo, Pasi og meg. PS! Me er ikkje med i handlinga!
(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)
På baksida av KODE i Bergen
Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 20 Om du er mellom 16 og 20 år og let deg inspirera av Ivar Aasen-ordtaket «Ein får tru det ein vil», kan du no bruka den inspirasjonen til å skriva ei novelle, og senda den inn i konkurransen som Dei nynorske festspela arrangerer.
– Ordtaket «Ein får tru det ein vil» kan tolkast på ulike måtar og eg trur det kan komma mykje spennande ut av det, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.
Konkurransen er i gang, og fristen for å svara er 15. juni. Vinnaren blir annonsert på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela 26. juni – og dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten, samstundes som vinnaren får 5000 kroner som ein bonus.
Juryen er leia av forfattar Bjørn Sortland, saman med ein representant frå Sunnmørsposten og ein frå Ivar Aasen-tunet.
Vil du vera med? Send inn bidraget ditt til:
amin@aasentunet.no eller via heimesida til Dei nynorske festspela!
MAI 2015
Oslo-mysteriet ute på Færøyane!
Dei Nye Sjarlatanane
Me vant ikkje ikkje kviss'n på Lillehammer i år, men me hadde det kulaste namnet.
Autorenbesuch i den gamle, gjeve universitesbyen Tübingen er sehr knall! Mehr, mehr, mehr! gjalla det i heile Abteilung Skandinavistik.
Noko alvorleg
framfor poeten Hölderlin sitt gule hus med tårn i Tübingen.
Ny bokserie til hausten!
I september kjem dei to første bøkene i ein ny spenningserie skriven av finske Timo Parvela og meg (han som skriv Ella-bøkene). Serien heiter Kepler62, og handler om barn/ungdom som blir plukka ut og sendt til planetsystemet Kepler62 - eit farefullt og nifst opplegg. Bøkene er illustrert av Pasi Pitkänen, som også har illustrert Angry Birds. Her er ein liten trailer, laga av Nils Johan Lund, basert på Pasi sitt cover. Be part of the story, som det heiter på inglish.
APRIL 2015
Heilt kingkong-tjolabing-
stemning med Kunstdetektivene i Istanbul. Ein kulturnasjon krev meg dag og natt.
Og egoet mitt taklar det sjølvsagt på ein fin og balansert måte.
På veg til Istanbul
Eg har vore der fleire gonger, men kjenner det ekstra i magen når det gjeld denne byen. Hilde Hagerup og eg skal på litteraturfestival, Hilde er omsett til tyrkisk, og heile serien om Kunstdetektivene har allereie mange lesarar her.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
MARS 2015
På bokmessa
i Bologna med dressjakke og godt humør. WSOY i Finland og Piggsvin Forlag kjem med ny spenningsbokserie til høsten, skriven av Timo Parvela og meg.
To be continued ...
I Tromsø
på forfattarbesøk, ein av dei finaste byane i Norge. Det vanlige kjøret - barn og ungdom som har overnatta to døgn i sovepose utanfor biblioteket, mødre som hyler og skrik og vil ha autograf på kroppen, fedre som græt av glede over at skulen har fått ein levande forfatter til gards, og som heretter lovar å lesa skjønnlitteratur til gutane sine kvar kveld - det vanlige kjøret.
FEBRUAR 2015
No Comprendo
Den har tidlegare vore litt nede, men No Comprendo ei kul nettside kor det er veldig mange bra ting - blant anna vestlands-road-movie-teikneserien On the road again, again - som Øyvind Torseter og eg vant Sproing-prisen for. Det er fantastisk med eit forlag som framleis sel det dei har gitt ut.
Dora Maar er frisk og fin
som aldri før på det nyoppussa Picasso-museet i Paris. Vi hadde ho med i Raudt, blått og litt gult som eg laga saman med Lars Elling like etter at vi var konfirmerte. Eg har sjølvsagt kulturskjerftet på meg i eit slikt høve.
Eg likte i prinsippet skule, men ....
(frå samlinga til Fondation Louis Vuitton)
Olafur Eliasson-utstilling
i Paris. Ved inngangen ein 4 milliard år (sånn cirka) gammal meteoritt som det var lov å ta på.
Olafur sine utstillingar har løft over seg.
3xjippi!
Stig Svartvik og serien om Kunstdetektivene er no seld til Hellas, Ungarn og Bulgaria. Dette bidrar til sindets munterhed og glæde. Feta, gulasj og shopska i heimen heile helga.
JANUAR 2015
Forfattarbesøk
Omringa av ungar i dag hylte ein entusiastisk gut: "Når du er dau skal eg kopiera opp og selgja autografen din og bli søkkrik!"
Fest med franskmenn
For å unngå at det blei utagerande, tok eg på meg kulturskjerfet.
Endelig!
No 22. januar 2015 kjem romanen min Ærlighetsminuttet ut på fransk. Og for å vera heilt ærlig - det er enormt stas. Dei omfattande 549 sidene er omsett av Francoise, Tom og Marina Heide.
Rockwell i Roma!
Knall utstilling med Norman Rockwell i Roma. Alle forsidene hans til Saturday Evening Post, og meire til. Der eg gjekk tenkte eg at livet stundom er for kort til å hata Amerika.