Snubla over denne ...
på youtube. Sikkert ein fyr som måtte laga ei skuleoppgåve om boka mi 12 ting som må gjerast rett før verda går under. Den redda uansett dagen min.
God jul til alle!
(Rembrandt: Simeon og barnet i tempelet)
Fin kritikk i Stavanger Aftenblad En sjelden bok, stillferdig, lun, kjærlig.
SEXBOK UTEN SEX
Bjørn Sortland er en personlig favoritt, en stillferdig prosapoet som beskriver den sterke kjærligheten med små og annerledes ord og setninger. I høst ga han ut den bittelille romanen med høstens stiligste tittel: «Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar».
Og ja, det handler om sex. Men likevel ikke. Sortland våger nemlig å gjøre det ingen andre gjør om dagen, han dikter oss en jeg-forteller som presenterer seg slik: «Eg er ein fundamentalist. Eg trur på evig kjærleik, eg vil ha noko som varer. Som sagt. Ei som berre er mi.»
Dette er en fyr som leser Vårt Land, som har alle utgivelsene til Kirkelig Kulturverksted, som frustreres og blir oppriktig lei seg når vennene snakker lettvint om nye erobringer og fristende utroskap.
Slik blir han en outsider i mange sammenhenger, nesten også i sitt eget liv. Han sliter nemlig med følelsen av at det ikke er rom for hans idealer og overbevisning, at han blir en marginalisert og dumsnill særling - uten på noe vis å ønske det selv.
I «Hun tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar» påtar han seg en ekstrajobb som skrivelærer for tre unge kvinner med rusfortid. De benytter seg selvsagt av hans naive, men ekte snillhet - og like selvsagt forelsker han seg dypt i den som faktisk er i stand til å se ham. Det forvirrer ham, og han sliter på kjærligkomisk vis med å finne ut hvordan han skal takle de ulike situasjonene alle andre tilsynelatende fikser som ingenting: «Eg kan sikkert dansa litt. Eg kan snakka viss dei fortel meg kva eg skal snakka om, viss dei gir meg oppskrifta.»
Sånn er boka, 205 små, små sider ettertenksom og melankolsk selvutlevering full av sjarm og varme. En liten, men på mange måter sjelden bok.
Tarald Aano, Stavanger Aftenblad
Jippi!
Verda gjekk ikkje under likevel! På tide å feira jul på ein fredeleg og verdig måte.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Aftenposten-favoritt 2012 Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar er ein av Rune Hallheims favorittbøker i bokåret 2012. Han skriv: Bjørn Sortland har laget årets beste boktittel. Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar krever en tilsvarende bok bak tittelbladet, og Sortland har langt på vei levert den og. Den er morsom, enkel, og ikke uten varige sannheter.
Glühwein & såpe med pistol inni
Var i Wien på überkulturell helg nyleg, Klimt/Schiele-utstilling, samt konsert med Eivind Goldberg Jensen i Konzerthaus. Mest gripande var det å drikka glühwein og sitja på Wien-kaféar dagen lang og svi av årets ikkje alt for store honorar frå fjorårets ikkje alt for gode boksal i utlandet. Mjuk om hjarterøtene gjekk eg på kveldstid ut på Weihnachts-marknader som lyste i mørkret. Ja, eg kjøpte sogar ei såpe med ein liten pistol inni fordi eg syns syns på hu som hadde laga dei sjølv - det var brått så sårt og fint alt saman.
Bob redder jula
Knall bokmelding i VG
Bokanmeldelse: Bjørn Sortland: "Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar"
"Bjørn Sortland skriver ungdomsbøker med stort eksistensielt alvor og voksenbøker som er lette som flor. Tittelen setter leseren på sporet av både humoren i romanen og tema: damer.
Dagdrømmeren Ivar er 40 år, jomfru og har gitt ut et par diktsamlinger på eget forlag. I et samfunn der alle fråtser i livets goder, er det vanskelig å finne likesinnede og enda vanskeligere å finne forståelse for sin kristne livsførsel.
Alt endrer seg da han får i oppgave å ha skrivekurs for tre kvinnelige eksprostituerte og narkomane på avvenning.
Det er noe Ragnar Hovlandsk over den skakke humoren og tankerekkene til hovedpersonen om damer og verden rundt ham.
Boken inneholder skisseaktige tegninger av Øyvind Torseter som er med på å forsterke det naive uttrykket. Dette gir en letthet til alt som skjer, selv om det innebærer en flukt fra brutale narkogjeldinnkrevere til Solkysten.
Den plutselige avreisen til Spania og telefonsamtalene til venn og prest Karsten kommer når boken trenger et vendepunkt.
Handlingen er ikke genial, men likevel spennende å følge. Ivar spanderer og spanderer, og det er tydelig at de utlevde kvinnene utnytter den elskovshungrige og keitete.
Som han selv formulerer det: Man må være Paulus for å fikse å være single.
Men så er det altså Ivar som sitter igjen med det lengste strået til slutt. Boken er påkostet med fint papir, helhetlig design og en innbydende pin-up-illustrasjon fra 40-tallet på omslaget. En opplagt julegavekandidat." KRISTINE ISAKSEN, VG
NOVEMBER 2012
Hjartesmil
Mariell Øyre skriv fint om boka mi på bloggen sin hjartesmil.com - ein blogg som må seiast å vera ein visuell karamell.
Ein kveld for Rolf S
Nyleg vart det arrangert ein staskveld for Rolf Sagen på Cafe Opera i Bergen. Det var pitle meg på tide. Folk stod fram og bekjente både det eine og det andre. Eg hadde Rolf Sagen som lærar på Skrivekunstakademiet for tjue år sidan, og han var ei oppmuntrande kraft eg ofte tenkjer på. Han har skrive mange unike bøker, ein av dei snedigaste titlane eg veit om er Alltid likt å lese om krigen.
(Foto: Elias Dahlen)
Gjøn med fugl
Regissør Ivar Aase og produsent Jan Inge Wiig som eg lager filmen Blåtur saman med, har laga den gripande web-serien Gjøn med fugl. Her er første episode.
OKTOBER 2012
Lydboka er også ute!
Endeleg!
Romanen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (ISBN: 9788299839525) er i salg nå. Endeleg.
Mexico City-mysteriet
er i butikken!
Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar
i salg frå 20. oktober.
ISBN: 9788299839525
I trykken Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar er sendt til trykk i dag. Romanen kjem ut 20. oktober.
SEPTEMBER 2012
Mexico City-mysteriet
er nå sendt i trykken. Boka kjem i neste månad, altså nå i oktober.
Cecilia Brækhus, altså!
Det er lite sport på heimesida mi, men når Cecilia Brækhus knallar til og slår ut Anne- Sophie Mathis i Fredrikshavn, då sit eg stille framfor tv-en og glor. Og så vant ho - igjen. Ho er den kulaste sportsutøvaren vi har - i ein sport som ikkje er heilt stuerein i Norge. Sjølv Stig Svartvik skjelv.
Nominert til ARK-prisen Istanbul-mysteriet er nominert til ARK-prisen. Eg vant i 2009, så det skal vel noko til. Barna sjølv er uansett den hardaste juryen.
AUGUST 2012
Gratulerer!
Gratulerer med Aschehoug-prisen, Ragnar!
Blåtur
Saman med Ivar Aase (regi), Jan Inge Wiig (medprodusent) og Andreas Bru Eide (fotograf) har me i vel eitt år jobba med å laga thrillerer Blåtur som no er i etterproduksjon. Sjølv om ein del arbeid gjenstår, begynner greia å ta form. Det blir såkalt veldig spennande framover. Eg kjem til å leggja ut meir om dette, men her er ein første teaser.
Ką mena širdis er tittelen på Det hjertet husker som nyleg har komme ut i Litauen. Stas at boka vår reiser framleis.
Mexico City-mysteriet
snart klar til hausten.
Finally - Sydney!
På kvart einaste forfattarbesøk eg har får eg spørsmål om eg har reist alle stader eg skriv om. Og eg svarar at det har eg - utanom Australia og Sydney. Men no har eg vore der. Australia er eit kolossalt kult kontinent.
Talk to the lama!
Brått vakna bloggaren i meg og.
Aboriginal art.
Not-so-Aboriginal-art.
Koala-bjørnen og eit piggsvin er dei to viktigaste nasjonal-dyra til Australia. Eit slikt land har tenkt mykje rett.
Eit av elementa på bildeter kåra til verdas vakraste. Mann? T-skjorte? Natur?
Symbolikken er til dels knusande.
With a little help from my friends
Øyvind Torseter hjelper meg med den visuelle look-en til romanen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar. Har skrytt lenge av denne romanen, og den kjem nok til slutt. Har forresten aldri hatt så mange som har etterlyst ei bok av meg som denne. Så kanskje burde eg strekkja det litt til. Livet er hardt, og folk er bortskjemt med at ting er i rute. Ha!
(Illustrasjon: Øyvind Torseter)
Ivrige lesarar
Fått mange tilbakemeldingar om at mange barn var positive til å lesa Venezia- mysteriet som føljetong i Aftenposten i sommar. Blant anna desse to som har sendt bilde til Aftenposten.
Kunstdetektivene 13
No er det i all fall klart at landet familien Bergvik reiser til i boka som kjem til hausten er ...
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
JULI 2012
Mellomlanding
I Kunstdetektivene 13 mellomlander familien i Amsterdam, på veg til dit dei eigentleg skal, som jo er ... Her får dei nye venner. To be continued. Følg med. Trond jobber hardt med å få boka ferdig til hausten.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
På nett
Les Venezia-mysterietpå nett i sommer!
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Jeg er Stig Svartvik!
Aftenposten Junior på besøk.
Intervju og føljetong
Dobbeltbonus for meg som forfatter i sommer! Aftenposten Junior og aftenposten.no kjører Venezia-mysteriet som føljetong fram til skulestart, med Trond Bredesen sine illustrasjoner. Pluss intervju. Blir eg høg på meg sjølv av dette? Sannsynlegvis litt.
JUNI 2012
Verdas heftigaste by?
Eg var nyleg i Hong Kong, som var eit positivt sjokk. Ein veldig kul og kaotisk by med absolutt alt, inklusiv sju millionar innbyggjarar, skvist inn i trange høghus på eit svært begrensa areal. Byen var likevel svært sympatisk, med ein eigen ro midt oppi all galskapen. Og knall mat. I god bloggeånd vil eg gjerne dela mine innkjøp også: 2 t-skjorter med Kung Fu-motiv og ei klokke til 50 kroner, som når ein klappar i lufta, automatisk projiserer røde, digitale tall i taket.
Her er eg på den gamle Star-ferja over bukta.
Kunstdetektivene 13
er under arbeid. Veldig. Fullt trøkk. Første versjon av teksten er klar. Trond er i full gong med å laga ferdig skisser. Her er ei av dei. Boka kjem son vanleg til hausten. (Illustrasjon: Trond Bredesen)
Teaterstykke for DUS
Eg har nyleg levert inn eit stykke eg har skrive for DUS. Det heiter Vinn & Forsvinn, og er eit reality-stykke kor seks unge er i den siste fasen av livet. Eg er spent på korleis det går, men har heldigvis fått god hjelp av Ola Bøe ved det Norske Teatret.
Bergen-mysteriet
Kristin Aaase har jobba masse, og laga ein trailer av Bergen-mysteriet som skuleoppgåve. Kult at nokon på vidaregåande også les om Kunstdetektivene.
Bra jobba, Kristin!
MAI 2012
Kunstdetektivene til Færøyane
No begynner det gode forlaget "mitt" på Færøyane også å gi ut serien om Kunstdetektivene. Heile serien er også på veg ut i Sør-Korea. Det er no slikt som ungdommen likar.
Sverige, altså!
I Sverige får eg framleis bokmeldingar som eg nesten bere kan drøyma om å få her heime. Fleire år etter at boka har komme ut. På såkalla smale bøker.
Hei Marvin!
Marvin Halleraker har akkurat lagt ut video av den fine låten sin Tinker Bell, enjoy! Dette er gode greier.
Verdens bokdag på Ekeberg skole
Dagsavisen er med meg på forfatterbesøk.
APRIL 2012
20 år sidan eg debuterte
Denne månaden er det 20 år siden eg debuterte med ungdomsromanen Det er ikkje natta. Eg hugsar godt når eg sjølvaste 1. april 1992 fekk boka mi i posten. Min første reaksjon var faktisk at eg angra på heile greia, eigentleg, og var overraska over at eg ikkje var happy. Eg hadde jo gledd meg. Det var elles ein ganske anonym debut, Elin Madsen i BA skreiv den einaste kritikken eg fekk: "Bjørn Sortland debutbok tar en 16-årings tanker på kornet. Han er treffsikker i sin beskrivelse av hvordan en ungdom famler seg fram til sin egen identitet". Etter det gjekk det noko betre, men eg forstod allereie då at om eg satsa på å skriva barne-og ungdomslitteratur, så kunne eg ikkje forventa meg all verda. Eit lite utdrag frå boka:
Ho visste at han såg på henne:
- Er alle kvinner vakre, Steve?
- Ja, merkeleg nok så er dei det.
- Det trur eg ikkje på.
- Jo, alle jenter er fine på ein måte, same kor feite eller skranglete eller kvisete dei er. Det er i allfall ein stad alle jenter er fine.
- Kor då?
- Her, sa han og lyfta håret hennar til sides og kyste ho varsamt rett bak øyra.
- Her, sa han. - Rett her ved hårskiljet, her kor dei fine, lyse nakkehåra er. Det høyrest sprøtt ut, men her er alle jenter ... jenter. Same korleis dei elles ser ut.
- Anten er du eit bra menneske, Steve. Eller så er du svært god til å lyga.
- Eg er no helst begge deler. (Omslag: Lars Elling)
KENT med ny plate
25. april. Endelig. Og grueverk i magen - greier dei det ein gong til?
Vinn ei signert førsteutgåve!
Trond Bredesen har nå laga omslaget til bok nummer 13 om Kunstdetektivene. Gjett namnet på byen David og familien reiser til, og bli med i trekninga om ei signert førsteutgåva av boka som kjem hausten 2012. Kort frist: 1. mai 2012. Mailadressa finn du under KONTAKT her på heimesida. Fjern bare klammene rundt@-en.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
God påske! (Mathias Grünewald, frå Isenheim-alteret, ca.1506-1515)
MARS 2012
USF Mix
Nyleg blei det arrangert ein show-off kveld på Verftet i Bergen, der fleire av oss som jobbar fekk synt fram sakene våre. Stor stas, smekkfullt av folk. Det blei ein langt større greie enn eg hadde trudd, og det blir det jo sjeldan... Det er oppmuntrande at så mange kjem på slikt. Blant dei mange som var med, var Knut Vaage som spelte eigne stykke på piano, og Julian Berntzen som song sine songar, også frå si kommande plate. Forfattaren sjølv las pitteså.
Trond er konge!
Illustratør Trond Bredesen vant i kveld Gull i Årets Vakreste, klassen for barnebok. Istanbul-mysteriet konkurrerer med alle som er utgitt i 2011. Gratulerer! Trond Bredesen er den illustratøren eg har jobbe lengst med, og som definitivt har illustrert mest bøker av meg - heile serien om Kunstdetektivene, samt serien om Bønna og B-laget. Pluss Kyrkjeboka i 2004. Trond senker aldri på kvaliteten. Han har ein taktikk: Å gå knallhardt ut - og auka etterkvart. Det er få eg unner denne prisen meir enn Trond. For min del treng du ikkje å festa med måte.
Cecilie Mohr og Terese Moe Leiner skal også ha full kred for design innvendig og utvendig på boka.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Blogger i Sverige
Stadig snublar eg over bloggar (9/10 Sofie, SOFIES BOKBLOGG) i Sverige som har fine ting å sei om bøkene mine. Denna boken är bara för underbar - kan läsa den miljontalsgånger och fortfarande gråta lika mycket som jag ler. Elin, TONÅRSBLOGGEN.
For tida
Eg kjenner meg for tida igjen i Flu Hartberg si strålande rute.
Lucian Freud i London
Var nyleg i London og såg den store Lucian Freud-utstillinga som er i National Portrait Gallery. Laaaaang kø, å sei at utstillinga var stor er å underdrive. Ein så monumental kunstnar sin produksjon på ei utstilling, er eit must. Freud var aktiv til han døydde i fjor, mange av dei seinare bilda hans har eg aldri sett. Utstillinga står fram til 27. april 2012.
Lucian Freud: Reflection (sjølvportrett), 1985.
FEBRUAR 2012
Kva les barn og ungdom?
Bokbloggen KNIRK ser på BIBSYS sine lister over kva bøker barn og ungdom faktisk låner. Desse listen er svært interessante, for dei gir eit noko anna bilde enn bestselgerlister. Bestselgerlister reflekterer kva vaksne kjøper. Eg kjem i denne omgang heldig ut, og eg håper det varer. Men det det er viktig å understreka at listene forandrer seg, dei vert oppdatert ofte. Og det er mange andre bøker eg også skulle ønskt var der. Både eigne og andres. Uansett, BIBSYS sine lister er interessante for lek og lærd. Og Harry Potter ligg uansett på topp.
Bønna 4 i salg frå 15. februar
Bokhandlarar finn boka på Mentor, med ISBN 978-82-998395-4-9
Alle hjartes dag
Leste på Hovedbiblioteket i Bergen på sjølvaste Valentine. Stas at det kom såpassa mange folk, trur aldri det kjem nokon på slike ting. Heldigvis las både Vigdis Hjorth og Kristina Leganger Iversen også, det drog nok opp stemninga. Eg tillet meg sjølv, under sterk tvil, å kosta på meg eit litt femi jenteblogg-hjarte her, det er trass alt slik ein fin blåfarge.
Litauen!
I går kom det mail frå vår agent Eva om at Det hjertet husker kjem ut i Litauen på sikt. Slikt vert ein happy av.
(Illustrasjon: Hilde Kramer)
Gutar les! Det er mykje akk og ve over at gutar ikkje les. Eg er redd for at det kan bli ein sjølvoppfyllande profeti om det blir for mykje negativt snakk om det. Eg får nesten dagleg (og då meiner eg dagleg!) korte mail-meldingar frå gutar, dei les. Her er det kø for å få signatur på eit ope kveldsarrangement ETTER skuletid i Skaun kommune kor eg nyleg var på forfattarbesøk. Gutar kan framleis lesa.
(Foto. Elin Berge)
Theo Angelopoulos er død 24. januar døydde den store, greske filmskaparen Theo Angelopoulos (1935-2012). Han døydde brått og uventa ikkje langt unna Pireus, påkjørt av ein motorsykkel. Han heldt på med ei filminnspeling, men fekk altså ikkje avslutta den store triologien sin med den siste filmen "The Other Sea" (dei fo første er "Den gråtende engen" frå 2004, og "The Dust Of Time" frå 2008). Mest kjent er han kanskje for "Evigheten og en dag" som han vant Gullpalmen for i Cannes i 1998. Men han har laga mange store filmar, blant anna den uvurderlige "Landskap i tåke" frå 1988. Filmane hans har i periodar vore vanskelege å få tak i, det er ikkje til å tru, og til å grina av, eigentleg. Han er ein av dei kunstnarane i verda eg set høgast, og i det absolutte toppsjiktet når det gjeld regissørar.
Ny Bønna-bok sendt til trykkeriet Bønna og B-laget 4: Samling i bånn er nå sendt til trykkeriet. Her treffer Bønna og B-laget ein nifs nerd som gir dei eit tilbod dei ikkje kan takka nei til. Boka kjem no ut i februar.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Bønna 3+4 som lydbok
Frank Kjosås har lest inn dei to siste bøkene om om Bønna og B-laget. Lydboka er snart i salg. Og bok nummer 4 i serien om Bønna og co, Samling i bånn, kjem ut i begynnelsen av februar.
Sannleikans Stund
er tittelen på den færøyiske utgåva av Ærlighetsminuttet. Eg fekk eit eksemplar av boka i går. Det er eit så fint språk. Som det heiter på baksida: "Frida fær at vita, at hon líður av eini álvarsamari eygnasjúku og ger av at flýggja frá øllum.Við interrailbillett og lántum pengum fer hon avstað til Italia. Frida vil sleppa at síggja tað vakrasta í verðini – áðrenn tað er ov seint." Les meir her.
Aftenposten sine favorittar i 2011
Det er kjempekjekt at Istanbul-mysteriet har havna på lista over kritikarene sine favorittbøker i 2011. Det er elles ikkje mange barnebøker her, gitt.