Logo
 
Piggsvin forlag
english

TILBAKE TIL AKTUELT

AKTUELT (ARKIV 2011)

Piggsvin Forlag ->

DESEMBER 2011

Eg ønskjer alle ei god og fredeleg jul!
Giotto, "Natività". Freske. Padova, Cappella degli Scrovegni.
(Giotto, Natività. Freske. Padova, Cappella degli Scrovegni.)

Svartvik slår til i Asia
Heile Kunstdetektivene-serien er no kjøpt av eit forlag i Sør-Korea, og skal gis ut der i løpet av neste år.
Stig Svartvik
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Innskjøpsordning for teikneseriar klar?
No ser det ut som ein eigen innkjøpsordning for teikneseriar blir ein realitet. Takk til Steffen Kverneland og alle andre andre som har gidda å slåss så lenge for dette.
Eg er i alle fall klar for å kjøra på med eit heilaftens teikneserie-manus som har lege i skuffa ganske lenge.
ill Steffen Kverneland
(Illustrasjon: Steffen Kverneland)

Nytt opplag
av første boka med Bønna og B-laget kjem ferskt frå trykkeriet onsdag. Så no treng du ikkje sove dårleg om natta lenger. 
Bønna og B-laget

Eg har somla
og brått er desember her. Romanen Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar er utsett. Våren 2012 har eg 20-års jubileum som forfattar, då skulle det passa greitt med ein roman.
Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar

Og her er vi på televisjonen!
Superkviss, fredag 9. des
Superkviss, fredag 9. des

Superkviss
Eg konkurrerer med ei jente på Superkviss på NRK Super fredag 9. desember. Kven vant? Skru på televisjonen!
Superkviss

NOVEMBER 2011

Ny bok i januar
Jobbar for tida med å skriva ferdig Bønna og B-laget nummer 4. Trond og Elisabeth har allereie laga omslaget. Denne gongen treffer dei ein nerd som er meir nerd enn alle nerdar Bønna og co har truffe før. Viss dei nerdar saman med han kan dei få tur til London.
Bønna og B-laget nummer 4.

Es ist bezaubernd!
Fin kritikk av Det hjertet husker i Weltexpress, Berlin.
Det hjertet husker

Nr. 1
Istanbul-mysteriet var uke 40-43 nummer 1 på salgslista over skjønnlitteratur for barn og ungdom. Eg har lege verre an enn dette.
Istanbul-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Invitasjon frå Deichmanske
Litterær salong: Søkelys på Bjørn Sortland
Velkommen til litterær salong om Bjørn Sortlands forfatterskap!
Torsdag 3. november kl. 19.00
Den allsidige barne- og ungdomsbokforfatteren Bjørn Sortland er årets vinner av Aschehougprisen. Norsk kritikerlag følger opp tildelingen med et arrangement som setter søkelys på forfatterskapet. Hva er typisk? Hva er det som gjør ham god? 
Kveldens panel består av Anne Schäffer (leder i Norsk Kritikerlag), Marianne Lystrup (Vårt Land) og Morten Haugen (Aftenposten). Gjennom innledninger og en uformell samtale med hverandre og med aftenens hovedperson Bjørn Sortland vil de forsøke å se forfatterskapet fra både kjente og nye synsvinkler.
Åpent for alle. Gratis inngang.
Velkommen!

Bjørn Sortland (født 1968) er utdannet sosionom og bor i Bergen. Han debuterte med ungdomsromanen «Det er ikkje natta» i 1992, og slo gjennom med billedboka «Raudt, blått og litt gult» i 1993. Den boka er nå oversatt til åtte språk. I dag er Sortland best kjent for serien «Kunstdetektivene», hvor bok nr 12 utkom i 2011. Han har også skrevet en lang rekke fine ungdomsbøker om livet, døden, tvil, tro, håp og kjærlighet – og om kunst. Mange av hans hovedpersoner bruker kunst for å forstå sine egne liv. På den måten er forfatterskapet også en inngang til fin billedkunst, og en anerkjennelse av kunstens betydning for livet.
Arrangører: Norsk Kritikerlag og Deichmanske bibliotek, avd. Grünerløkka
Bjørn Sortland

OKTOBER 2011

Hardcore
Som hardcore Tintin-fan, var eg meir enn skeptisk til den nye filmatiseringa av Tintin. Men Spielberg gjorde meg lukkeleg i sånn cirka to timer, med kjærleik til story, deilig koloritt, gjennomført action og sans for dei poengterte detaljane. Er eg panegyrisk? Pittelitt.
Tintin

Litterær Salong
3. november kl 19.00 arrangerer juryen av Aschehoug-prisen litterær salong på Deicmanske bibliotek, avd. Grünerløkka. Tre kritikarar skal snakka om mi skriving, Merker at eg er veldig positiv til det. Stikk innom sjølv også.
litterær salong på Deicmanske bibliotek

Ny roman frå Malaga
Kjem nyleg heim frå ein siste research-tur i Malaga, ein del av handlinga i romanen eg skriv på, Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar foregår her. Malaga ein undervurdert by, har ein heilt annan feeling og lugn enn resten av Costa del Sol, som for mange er golf og sol, punktum. Malaga er ein fullblods by, masse god mat, ikkje minst er det relativt nye Picasso-museet eit must. I tillegg kan ein besøkja huset der Picasso vart fødd, om ein har interesse for slikt. Men research kan utarta seg, no gjeld det å få boka ferdig.
Picasso-museet i Malaga, kunstnarens fødeby
(Picasso-museet i Malaga, kunstnarens fødeby)

På lista!
No i veke 40 havna eg på 11. plass på besteljarlista med Istanbul-mysteriet. Der er eit smil i kvardagen, óg at ei norsk barnebok tøffar seg mot alle dei andre. Her er lista, henta frå Bok og Samfunn:
Istanbul-mysteriet

SKJØNNLITTERATUR
(Mestselgende skjønnlitteratur utgitt 2010-2011)

1. (1) La Peregrina (Cecilia Samartin) – Juritzen
2. (2) Gjenferd (Jo Nesbø) – Aschehoug
3. (13) Saras nøkkel (Tatiana de Rosnay) – Bazar
4. (3) Reisen hjem (Lori Lansens) – Juritzen
5. (6) Jeg skal gjøre deg så lykkelig (Anne B. Ragde) ¬– Oktober
6. (inn på nytt) Bumerang (Tatiana de Rosnay) – Bazar
7. (7) Señor Peregrino (Cecilia Samartin) – Juritzen
8. (5) Brobyggerne (Jan Guillou) – Piratforlaget
9. (4) Livet de luxe (Jens Lapidus) – Cappelen Damm
10. (8) Krystallslottet (Jeannette Walls) – Pantagruel
11. (14) Kunstdetektivene 12: Istanbul-mysteriet (Bjørn Sortland) – Aschehoug
12. (inn på nytt) Rampete Robin rocker (Fransesca Simon) – Gyldendal
13. (12) En pingles dagbok: den brutale sannheten (Jeff Kinney) – Gyldendal
14. (10) Snøbarnet (Eowyn Ivey) – Pantagruel
15. (9) Agincourt (Bernard Cornwell) – Bazar

House i hus
Er så konservativ at eg ventar på dvd-pakken kjem. Og sesong 7 kom i hus til haustferien. 6-ern var bra, men eg lever i stadig angst for at " ... nei no går det på trynet her ..." Åååå, det er vanskeleg å skriva serie som igjen og igjen held oss spikra.
House

Eg, ein RITHØVUNDUR
Dette er å lesa om meg på Færøyane, kor no også Ærlighetsminuttet kjem ut snart. Happy for det!
Bjørn Sortland er norskur rithøvundur, føddur í 1968 og b?r í Oslo. Hann er sosionomur av útbúgving og hevur virka? sum rithøvundur burturav sí?an 1998. Men bur rett nok i Bergen ...
cover

No har også eg komme på allkunne.no, eit nynorskleksikon på nett, vel verdt å sjekka. Grundig og greitt. Dei som skal skrive oppgåve om meg eller andre ting, klikk deg her.
allkunne-logo

SEPTEMBER 2011

Forfattersleppet 2011
i Bergen er just around the corner. Eg skal ha skrivekurs m.m. Ein plass igjen, trur eg. Klikk for å finn ut meir.
Forfattersleppet 2011

Min lokale bokhandel
ARK på Vestkanten heier på meg, stakk innom i dag og møtte denne veggen. Blei happy!
ARK-Vestkanten

Kapittel i Stavanger
På fredag skal eg på Kapittel i Stavanger, og lesa for unge og gamle. Temaet er "Trass". Eg skal i trass lesa frå ein roman som eg i rein trass har skrytt på meg. Men som det trassige i tilværet stadig har tvunge meg til å utsetja.
Kapittel i Stavanger

Ny, Nordisk Råds pris?
Kan Anniken H. og Bjørn I. få med våre naboland på at det skal komma ein eigen Nordisk Råds pris for barne-og ungdomsbokforfattarar? NRK ser på saken.
Anniken HuitfeldBjørn Ingvaldsen

Istanbul-mysteriet er ferdig!
Istanbul-mysteriet cover

Oslo Bokfestival 16-18. september
Gler meg til helga, har program både lørdag og søndag.
Oslo bokfestival

Frida i Tyskland og Sveits
Det hjertet husker har no komme ut i Tyskland og Sveits på Benteli forlag. Den har fått den vakre tittelen Frida - Im blauen Haus meines Herzens. Den er minst like fin som min tittel. Sehr gut! Det hjertet husker

Wulffmorgenthaler i desse valgtider
Wulfmorgenthaler i desse valgtider

For dei som les fransk...
er det her ei fin bokmelding av den franske utgåva av romanen min 12 ting som må gjerast rett før verda går under.
12 ting som må gjerast rett før verda går under

Er ikke barnebøker ordentlig kunst?
Artikkel i Dagbladet
Er ikke barnebøker ordentlig kunst?

AUGUST 2011

Foredrag Litteraturhuset lørdag 3. september
Eg har foredrag på Litteraturhuset no lørdag, følgjande tekst under er henta frå Norsk Forfattarsentrum si heimeside:
SORTLANDFORELESINGA
Oslo, 3. september
Kvifor skriv du barnebøker, du som er så flink til å skrive? Bjørn Sortland fekk nyleg dette spørsmålet av ein journalist, og det er ikkje første gongen, han har fått det sidan han debuterte. Kvifor blir eg nesten alltid stilt dette spørsmålet? Kanskje er ikkje barne og ungdomslitteratur så kult når alt kjem til alt? Er det berre riktig-viktig? Og les barn og ungdom noko sÃ|rleg av den litteraturen som blir skriven for dei? spør han. Bjørn Sortland har skrive 40 bøker for barn og ungdom sidan debuten "Det er ikkje natta i 1992". Han har også skrive prisvinnande romanar for vaksne. Fleire av bøkene hans er ein inngang til kunsten i seg sjølv, gjennom samarbeid med kunstnarar og illustratørar, og har i seg forståinga for kva kunst kan bety i livet. Sist veke fekk han Aschehougprisen. Vi gratulerer!
Litteraturhuset, lørdag 3. september kl. 14:00 i Amalie Skram.
Kr. 50,-
Arrangør: Norsk Forfattersentrum, Klassekampen og Aschehoug.

Kritikerlaget
Kritikerlaget si grunngjeving for Aschehoug-prisen. Hjartans takk!Kritikerlaget

Kjendisnorge jubler
NRK Dagsrevyen - Sverre Henmo får klem, kjendisnorge jubler!
Bjørn Sortland

På balkongen
I år var det ekstra stas på Aschehoug sin hagefest, eg vart tildelt Aschehoug-prisen, ein pris eg vel aldri trudde eg skulle få. Har mange gonger stått i hagen og lurt på kven som får den denne gongen, og så var det altså meg som stod på balkongen i år. Takk til kritikerlaget og Aschehoug, Irja og Mari og alle andre som har heia på meg.
Bjørn Sortland

David i trøbbel
Har sendt korrektur til forlaget, og no skal Istanbul-mysteriet trykkast om ikkje lenge. Boka kjem etter planen i september.
Istanbul-mysteriet(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Bookwitch
skriv fint om boka mi på sin engelske blogg.Hva er det som tåler så lite...

Fire av fem stjerner i Tyskland
Nokre av mine bøker har eit stille, men seigt liv. Det er mest stas av alt.Die Minute der Wahrheit

JULI 2011

Det ufattelege
Som alle andre, har eg sidan 22. juli vore satt ut av det ufatteleg djevelske i at ein mann systematisk drep unge folk på ein fredeleg sommarleir. Eg blei spurt av BT om å skriva noko om det, og skulda på at eg hadde dårleg tid. Når sant skal seiast var det kanskje meir at eg ikkje veit kva eg skulle skriva som kan opplevast som meiningsfullt for ein lesar. Fotoet her seier meir.Blomster

Fine kart
Trond Bredesen lager alltid så fine kart i Kunstdetektivene, det er lett å bla forbi, og ikkje sjå kor gjennomarbeida og stilige dei eigentleg er. Dette er til den nye boka.Kart
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Gode ord
Held på med språkvask på Istanbul-mysteriet, som altså kjem til hausten. Eg er alltid usikker før eg sender ei ny bok ut i verda, men fann nokre gode ord her om dagen, som Mette Hofsødegård har skrive tidlegare om serien. Ho har elles lest mykje av det eg har skrive, så det er stas at ho har sagt dette:
"Han dirigerer orkesteret av spilleglade ideer til stadige høydepunkt. (...) en sjelden evne til å anvende detaljrikdom og overblikk i barnevennlig action. (...) denne vidunderlige blandingen av det passe sannsynlige, det passe eventyrlige og samtidig så reale innholdet."
Mette Hofsødegård, Aftenposten
Istanbul-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Illustratør Trond i Istanbul
Eg har fått inn eit bilde av illustratør Trond Bredesen på research til siste boka om David og co.,  som denne gongen reiser til Istanbul. Trond har tatt tusenmillionar bilde, slik at Kunstdetektivene nummer 12 skal blir så kul som muleg. Det ser eg på alle illustrasjonane som no begynner å bli ferdige. Men dette bildet er derimot litt ute av fokus, ka' e' da du røykje for nåke, herr Bredesen?
Illustratør Trond i Istanbul

Ærlighetsminuttet til Færøyane
Boka held på å bli omsett no, og eg gler meg til å høyra tittelen. Eg var der for nokre år sidan, veldig kul plass.
cover

Freddy, det er guten sin
Marvin Halleraker si fine bildebok Freddy har fått velfortent god kritikk i NRK.
Ikkje nåke å lura på - kjøp no dinna bokjå, då vel!
Freddy

Cy Twombly er død
Den amerikanske kunstnaren Cy Twombly er nyleg død, og eg fekk lyst til å leggja ut eit  bilde av han.
The Rose-Cy Twombly

JUNI 2011

Bob i Bergen
Bob kom. Og då er det berre å kjøpa billett. Høgdepunktet for meg var "Ballad of a Thin Man". Eg tenkjer igjen kor sant det Cohen ein gong sa om at Bob Dylan er " ... songens Picasso".
Bob i Bergen

Ingelin sin blogg
Om du ikkje har oppdaga Ingelin sin blogg, har du høve nett no. Og pr-kåt som eg er, kan du klikka inn og sjå kva ho har skrive om meg. Åtvaring: Det er laga ein video av meg der tidleg på morgonen, eg ser 'kje så god ut.
Ingelin sin blogg

Aasen-bjørka
Eg fekk med meg ein genetisk kopi (nummer 199 av 300) av sjølvaste bjørka i Aasen-tunet. Dag Rune Mo dokumenterte turen frå Volda til Bergen. Widerøe aksepterer visst denne type transport ein gong i året. Takk Dag Rune!
Aasen-bjørka

Aasen-bjørka

Aasen-bjørka

Aasen-bjørka

Festspela over
Eg er heime igjen etter fire intense festspeldagar i Aasen-tunet. Som festspelforfattar i 2011 har eg hatt 14 oppdrag desse dagane, det har vore stor stas, ikkje minst har eg truffe mange ihuga lesarar. Og mange eg ikkje har snakka med går underleg nok rundt med sitat av meg på brystet, det gjer noko med forfattar-egoet mitt, vanskeleg å komma unna det. Takk til styret, Grepstad og co som inviterte meg til å vera heidersgjest, eg er sikker på at festspela bidrar sterkt til at fleire les bøkene mine.
Og det er mildt sagt eit smil i kvardagen. I reine tal var også festspela samla sett ein suksess.
T-skjorte 

Dei nynorske festspela
er definititivt i gong, det er bissi og veldig kjekt å vera festspeldiktar oppi det heile. Kjekt å bli intervjua av ei godt førebudd Olaug Nilssen, men gudarna veit kva ho eigentleg skriv på Facebook. Ein bra ting å vera ein plass der folk er interesserte og møter opp på alle programpostar, det er ein avslappa intensitet i Aasen-tunet som er unik.
Kjekt å bli intervjua av ei godt førebudd Olaug Nilssen

Dei nynorske festspela

Ordkunstnar med tru på bilete
Artikkel i Framtida

(Foto: Margunn Sundfjord/NPK)

Istanbul-mysteriet
Bok nummer 12 om Kunstdetektivene har tittelen Istanbul-mysteriet. Boka kjem først til hausten. Eg trur eigentleg at den blir sånn passe ... knallbra.
Istanbul-mysteriet

Fin kritikk i Danmark
Når bøkene mine kjem ut i andre land, er det ofte vanskeleg å finna kritikkar, i og med at mykje bokpresentasjon og kritikkar framleis blir trykt på papir og magasin i barne-og ungdomsbokverda. Først etter ei lang stund kjem det kanskje på nettet, slik at eg endeleg på ein dårleg dag kan googla meg sjølv, og finna ut at eg er pittelitt big in Japan, likevel. Det verste ein forfattar veit er om ei bok han er happy med, daugar hen. Men bøker kan leva sitt rolege liv langt vekk. Eller i Danmark.
Ærlighedsminuttet

Hjartesmil
Kler-og matbloggar og sånn har eg vel ikkje brukt så mykje tid på. Men Hjartesmil som Mariell driv er ein hyppig oppdatert blogg full av gamle og nye visuelle karamellar. Mariell blandar frimodig og gjennomført ny og gammal melankoli. Eg er noko inhabil her, men det er lett å bli happy når ho også skriv om bøkene mine.
Hjartesmil ill

Kunstdetektivene nummer 12
Trond lagar illustrasjonar så det ljomar etter no. Her er ein av dei første illustrasjonane i den nye boka, som er klar i butikken tidlig i haust. Stig Svartvik-dukka som dukka opp på slutten av Stavanger-mysteriet, har eit fingeravtrykk på seg. Og kven sitt er det? Nokre svar dukkar opp, og nye spørsmål kjem til. David og familien er igjen på tur. Og aldri sur. Men kanskje litt usikre på om det går bra denne gongen. Det gjer det sjølvsagt ikkje.
Kunstdetektivene nummer 12
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

MAI 2011

Lydbok med Bønna og B-laget 1+2
Frank Kjosås har lest inn dei to første bøkene om Bønna og B-laget, som no er i sal.
Han les så godt, er veldig online med teksten.
Lydbok med Bønna og B-laget 1+2

Festival!
No dreg eg til Lillehammer på festival. Klikk her for sjå kva eg har tenkt å bala på med.
Norsk Litteraturfestival 2011

Endeleg lydbok! 12 ting som må gkerast før verda går under

Ny Kunstdetektivene-bok
Trond og eg jobbar med å skriva og illustrera no framover, for til hausten kjem bok nummer 12 om Kunstdetektivene. Dette er fargeskissa til omslaget på boka. Denne gangen har David og familien sjølvsagt reist til ...?
Ny Kunstdetektivene-bok
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Heia Sverige!
Eg finn stadig nye, små meldingar om at bøkene mine lever eit stille, men godt blogge-liv i Sverige:
Alla har ett hungrigt hjärta

"Jag har inte läst Bjørn Sortlands Vad är så skört att det bryts om du säger dess namn? men jag har bara hört en massa lovord om den. Är den lika bra som denna, förstår jag varför. Och jag blir så rörd över det faktum att en medelålders (ja, han är är född 1968), manlig författare skriver så respektfullt om en ung tjejs oro och längtan. Jag blir glad i hela kroppen."
http://frue.bloggsida.se/bocker/alla-har-ett-hungrigt-hjarta

"Alla har ett hungrigt hjärta låter inte ens minsta skälvning av moralpanik anas. I stället rullar hela denna färd mot insikt och beslut vidare som en mjukt omslutande roadmovie. En där det inte handlar om att rocka hårdast ut genom bilrutorna utan om att var och en som är på väg må vara fri att lyssna uppmärksamt in mot sitt hungriga hjärta. Det finns en klarhet i Bjørn Sortlands berättelse liksom i hans språk. Ord och stämningar faller liksom milt regn, och precis som ett duggregn blöter det från huvudet och nedåt. Till slut blir läsaren ett med diset. Liksom läsaren blir ett med de två som varsamt håller framtiden i sina tankar."
http://www.dn.se/dnbok/bokrecensioner/bjorn-sortland-alla-har-ett-hungrigt-hjarta

"Alla har ett hungrigt hjärta är en fin och välskriven bok med ett alldeles underbart slut."
http://tekoppenstankar.blogspot.com/2009/10/alla-har-ett-hungrigt-hjarta-bjrn.html

"Jag tycker om berättarstilen också. Jag tror på det som står. Efter de första inledande sidorna då jag inte var på det klara med om berättarrösten var en tjej eller kille, så hade jag inte en tanke på att det låg en manlig långt äldre författarröst bakom. Och det är ju som det ska vara kan man säga, men ibland händer det ju att det inte är så.Nu svamlar jag känner jag. Det var en fin och bra bok. Precis lika bra som den uppmärksammade Vad är så skört att det bryts om du säger dess namn? som för övrigt har en mycket mer tacksam plot att hänga upp spänning och känslor på. Båda passar lika bra för unga vuxna som för äldre vuxna. Mig passade de i alla fall alldeles utmärkt."
http://boktoka.se/?p=1489

"Det är briljant med denna avskalade text som rymmer och andas så mycket mer än det skrivna. Man blir liksom lite glad ut i fingerspetsarna. De norska bergen susar förbi mig där jag sitter i framsätet i bilen. Jag är hon. Även om jag absolut inte vill vara henne, en 16-årig gravid flicka bredvid den ovetandes killen, som dessutom är tillsammans men en annan tjej. Nej tack, men det är just Sortlands superba förmåga att suga in en i denna poetiska enkelhet och bli huvudpersonen. Ina råkar bli med barn vid första försöket, smått berusad med en kille som är otrogen. Blickar på håll, en gnagande ångestoro, en bilfärd mot Oslo och ögonblick som inte blir som man tänkt sig. X-publishing har gett ut ännu en liten pärla."
http://collaget.blogspot.com/2010/03/alla-har-ett-hungrigt-hjarta.html

Vad är så skört att det bryts om du säger dess namn

"Vad är så skört att det bryts om du säger dess namn? är en ovanlig liten bok, snabbt utläst, länge kvar som en sorgens skärva, en Astrid Lindgrensk Sorgfågel han som sjunger så vackert att man inte kan låta bli att lyssna, hur sorgligt det än är."
Lotta Olsson, Dagens Nyheter

"Vad är så skört att det bryts om du säger dess namn? är en bok bortom ålderkategorier och genregränser. Den kan läsas med största personliga och litterära behållning av både unga och gamla vuxna, och alla däremellan. Av alla som älskat, som förlorat kärleken, eller aldrig givit upp hoppet om att vinna den."
Björn Gunnarsson, Helsingborgs Dagblad

"Läs, gråt och njut."
Lena Kjersn, Västerbottens-Kuriren

APRIL 2011

Eit stup inn i Pollocks kunst
Kom over ein presentasjon av Lars Elling og mi si bok Raudt, blått og litt gult på ein engelsk litteratur-blogg. Ei mor og to jenter har lest boka, og har trødd i gong med å laga amerikansk ekspresjonisme heime i hagen. Prøv gjerne dette heime. Dei hengte opp bildet, som visstnok brukte tre dagar på å tørka. Stas at denne boka lever sitt eige liv framleis. (Den amerikanske utgåva heiter Anna's Art Adventure).
Anna's Art Adventure

engelsk litteratur-blogg

engelsk litteratur-blogg

engelsk litteratur-blogg

God påske!
Har nyleg vore i Firenze og igjen sett Masaccio sitt praktfulle bilde som ikkje kan overvurderast i kunsthistorien.
Masaccio, Treeininga, ca 1427
(Masaccio, Treeininga, ca 1427)

Freddy
Det var gode greier å få vera med og lansera Marvin Halleraker si nye, fine bildebok Freddy ved museumsbutikken på Stenersen i Bergen. Blir det laga ei bedre bildebok i år? Neppe.
Freddy
(Illustrasjon: Marvin Halleraker)

London
Var på den norske skolen i London, ikkje ofte eg møter norske elevar i utlandet, men derfor eit ekstra kjekt forfattarbesøk.

Luxor-mysteriet på NRK Super
NRK Super har i år sendt Luxor-mysteriet som påskekrim på radio.
Luxor-mysteriet

Programmet klart
Programmet for Dei Nynorske Festspela er no presentert, og sjølv om ikkje kinnskjegget mitt er på plass, så har eg allereie vore og lest på Aasen-tunet under lanseringa 12.04. Med ny T-skjorte.
Dei Nynorske Festspela

Intervju med Trond Bredesen
Litt seint ute, men her er eit stort intervju med illustratør Trond Bredesen, den illustratøren eg definitivt har jobba aller mest med. Og ikkje utan grunn også vil jobba med i lang tid framover.
Trond Bredesen

Dematerialisering i Bologna
Var på bokmessa i Bologna nyleg, og der skjedde det mykje spennande. Sjå på venstrehanda til illustratør Svein Nyhus, han begynner her å demonstrera korleis han kan dematerialisera seg og forflytta seg i rom. Eit nanosekund etter dette var han borte, og kom ikkje tilbake.
Dematerialisering i Bologna

MARS 2011

Ny Bønna og B-laget klar!
B-laget lager B-film er bok nummer tre i serien om Bønna og B-laget. Boka flettar saman zombiar og fotball på ein unik måte - og kan også by på litt panfløytemusikk heilt på slutten. Kanskje.
B-laget lager B-film

Lars i London
Var nyleg i London og såg utstillingen til Lars Elling, Oppenheimers Garden, verkeleg fine saker. Galleriet er i tjukkaste sentrum, 22 Old Bond Street.
Lars Elling, Oppenheimers Garden

Diplom i Årets Vakreste Bøker
Frå juryen: "Diplom går til illustratør Trond Bredesen i Illustratørene
og designere Cecilie Mohr og Terese Moe Leiner for Stavangermysteriet av Bjørn Sortland. Forlag: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Denne boken beviser at underholdningslitteratur for barn kan inneha høy kvalitet i både tekst og bilder.
Dette er en tøff og vital bok som tar barneleseren på alvor."
Illustrasjon: Trond Bredesen, frå Stavanger-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen, frå Stavanger-mysteriet)

Det hjertet husker på tysk
Bildeboka Hilde Kramer og eg laga om Leonarda og Frid Kahlo er no kjøpt av eit tysk forlag, og blir omsett i løpet av året.
Det hjertet husker
(Illustrasjon: Hilde Kramer)

Barnebok eller ikkje?
Det hjertet husker har vorte mykje diskutert om er ei barnebok eller ikkje. Her er ein liten debatt på litteraturbloggen NOR 175.
"...jeg vil påstå at det er smal litteratur, mye lenger vekk fra Disneyland er det ikke mulig å komme."
- Linnea, litteraturbloggen NOR 175
cover

Endeleg lydbok!
Endeleg kjem 12 ting som må gjerast rett før verda går under som lydbok. Kjersti Sandal les romanen som eg framleis brukar mest når eg er ute på klassebesøk.
lydbok
12 ting som må gjerast rett før verda går under

Bønna og B-laget 3 sendt til trykk i dag
Dette blir go' knall! Boka kjem i sal 23. mars.
Bønna og B-laget 3

FEBRUAR 2011

Ærlighetsminuttet til Ungarn og Franrike
Romanen om Frida og Jakob skal no omsetjast og gis ut i Frankrike og Ungarn enten til hausten, eller neste år. Den er jo himla tjukk då, så det kan ta litt tid å omsetja ho.
cover

Bønna og B-laget 1+2 som lydbok
4. mai kjem begge dei første bøkene om Bønna og vennene som lydbok. Yeah!
lydbok
Bønna og vennene som lydbok

Siste fiksing før ferdig bok
Trond og eg held på å fiksa dei siste tinga før Bønna og B-laget nummer 3 går til trykkeriet. Her er Ole Gunnar Solskjær og Alex Ferguson. Og den ikkje fullt så kjente John-Åge Ristoft.
Bønna og B-laget nummer 3

Bokveke Nardo skole
5. trinn på Nardo skole i Trondheim har sendt meg brev og fortalt at dei har hatt fokus på meg og mine bøker. Alle har lest opptil flere bøker, og her er nokre heftige teikningar elevane har laga. Eg får eigentleg mange slike, det er jo slik ein drøymer om som forfattar. Håpar elevane likte bøkene og, at dei ikkje berre vart tvungne av læraren...
Bokveke Nardo skole

Bokveke Nardo skole

Bokveke Nardo skole

Nytt opplag
Alt det som er har komme i nytt opplag. Stas for Paul Dikker og meg. Litt skryt saksa frå media:
"Storslått og vakker" (NRK)
"Kanskje årets beste bildebok" (Morten Haugen, Aftenposten)
"Vakkert om hvordan man skal hanskes med livet" (OA) 
" ... eit lite mesterverk ..." (Linn T. Sunne, Bergens Tidende)
 … sammen går tekst og bilde opp i en høyere enhet. Dette er den vakreste bildeboken jeg har lest på lenge." (Heidi Sævareid, Vårt Land)
Paul Dikker, Convocation, olje på lerret 2008
(Paul Dikker, Convocation, olje på lerret 2008)

Det nærmar seg ...
Fekk berre lyst til å leggja ut denne kule illustrasjonen som Trond Bredesen har laga til den nye Bønna og B-laget boka.
Bønna og B-laget 3

JANUAR 2011

Ny Bønna og B-laget 3 snart klar!
Trond skissar og teiknar på den nye boka om Bønna og B-laget som kjem no i mars. Første boka i serien er snart utseld, og nummer 2 er det også mange som har kjøpt. I bok nummer tre er B-laget veldig på høgget, i tillegg skal dei laga film. Går det an å kombinera zombiar og fotball?
Bønna og B-laget 3

On the road again, again, again
Eg har mellom 120-150 enkle klassebesøk i året, dette er det første eg har i 2011.
Eit lite glimt frå to dagars skrivekurs og forfattarbesøk på Blindheim skole og Ålesund bibliotek, veldig kjekt.
Bjørn Sortland

Kunstdetektivene på bestselgerlista 2010
Stavanger-mysteriet og Bergen-mysteriet er begge blant dei ti mest solgte av både norske og utenlandske bøker for barn og ungdom i 2010 - på 7. og 9. plass. Lista er å finna i papirutgåva av Bok og Samfunn (1/2011).
covercover

Ærlighetsminuttet kommer på fransk
Romanen kjem ut i Frankrike 2012, stor jobb å omsetja... Ærlighetsminuttet er tidliigare utgitt i Nederland, Sør-Korea, Danmark, Finland og Tyskland - kor den også blei nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis.
cover

Gutar og lesing
Eg kjenn melkesyra stig når eg høyrer nokon så sjølvsagt seier at gutar knapt er kapable til å lesa lenger. I alle fall bøker. Eg las sjølv vekk store delar av barndommen. Og eg får mange intelligente og entusiastiske meilar frå gutar som les. Dei fins. La det ikkje bli ei absolutt sanning at gutar kun les teikneseriar, sjølv om det også er knall. Her er ein ikkje heilt fersk, men likevel relevant artikkel i Aftenposten, ein reminder inn i det nye året.
Dødslekene-cover

TILBAKE TIL AKTUELT
AKTUELT 2015 (ARKIV)
AKTUELT 2014 (ARKIV)
AKTUELT 2013 (ARKIV)
AKTUELT 2012 (ARKIV)
AKTUELT 2011 (ARKIV)
AKTUELT 2010 (ARKIV)
AKTUELT 2009 (ARKIV)
AKTUELT 2008 (ARKIV)