Hæppi nju jer!
Takk til alle entusiastiske lesarar for eit knall år med mange kjekke lesarbrev frå små og store og kjempestore. Det har vore eit dødsfarleg år for Stig Svartvik - men kanskje er han plutselig tilbake. Husk konkurransen om kor neste Kunstdetektivene-bok skal komma frå (sjå under) - med frist 31. januar 2010.
Arks Barnebokpris for Bergen-mysteriet
12000 ungar har no lest og stemt, og konklusjonen er (eg skjelv pittelitt): Bergen-mysteriet har vunne Arks Barnebokpris 2009! Er det kjekt å vinna pris og få sjekk av kulturminister Anniken Huitfeldt? Ja, det er kjekt å vinna pris og få sjekk av kulturminister Anniken Huitfeldt. Men først og fremst: Hjartans takk til heile den store juryen som heia på boka mi. Og til illustratør Trond Bredesen som held ut med meg. Det er veldig stas er at det finst så mange barn og unge i Norges land som les Kunstdetektivene. Grådig go’ knall at akkurat Bergen-mysteriet vant. Vart litt månebedotten, må innrømma det. Stig Svartvik sin korte kommentar til prisen er:
- Verden er min musling, MO-HA-HA!
NOVEMBER 2009
Nytt Bildebokprosjekt I lengre tid har eg jobba med ei bildebok, kor den nederlandske kunstnaren Paul Dikker står bak bildene. Sakte går ho mot å bli ferdig, det tek tid å laga ei bok der stort sett alle bildene vert malt i olje på lerret. Det skal bli ei rolig og luftig bok, der bildene til Paul får stor plass, likevel er teksten utgangspunktet for heile greia. Elisabeth Moseng har design på bok, og ho kjem ut på Aschehoug våren 2010, støtta av Leser søker bok. Eg kjem til å leggja ut fleire bilde no framover. Det er så stas å laga slike bøker.
Convocation (Paul Dikker, 2008, olje på lerret)
Kunstdetektivene på Bergen Kunstmuseum
På søndag haldt eg eit foredrag på Bergen Kunstmuseum, i Lysverket, om Kunstdetektivene og Picasso. Syns det var gøy å vera akkurat der blant originale maleri og snakka om Picasso saman med formidlar Anne Ree. Stor stemning. Dei hadde til og med laga eit stort puslespel av Picasso-bildet Sittende kvinne frå 1927. Det er tilfeldigvis dette maleriet Stig Svartvik stel i Bergen-mysteriet, gitt.
Lansering med brask og ein god del bram Det hjertet husker blei lansert i Oslo denne månaden. Veldig stas at såpass mange kom, som det heiter. Eg er jo alltid litt redd for å sitja åleine og fomla med mikrofonen framfor fire-fem innleigde venner. Men slik vart det ikkje. Aschehoug kjørte full pakke, og det vart ein knall kveld der Hilde Kramer og eg sat fekk blomstra blant folk vi gjerne vil blomstra med.
Litteraturfestivalen bLEST i Tysvær
Var på fleire forfattarbesøk under bLEST-festivalen i Tysvær nyleg, og tok dette bildet mens ungane storma meg i redsel for at dei ikkje skulle få autograf. Viss du vil bli stjerne - skriv for unge lesarar.
Fargefest med innestemme
"Det hjertet husker er en bildebok som er så lekker at den bør presses og inntas som smoothie": Anmeldelse på barnebokkritikk.no
Litteraturfestival
2. november reiser eg på Litteraturuka i Vestfold, ein fullpakka festival som varer i over ei veke. Eg skal ha skrivekurs for ungdom på biblioteka i Tønsberg og Horten. Mange gode forfattarnamn kvar dag her, ein festival som verkeleg heiar på litteraturen.
OKTOBER 2009
Proffer på tilbudssiden "Norsk barnebokbransje er anerkjent for sin kvalitetsprofil og høster jevnlig internasjonale priser": Artikkel i Aftenposten.
Og der var ho! Det hjertet husker er no endeleg komme ut. Eg held pusten, eg gjer det. Vi har gått ein lang veg med å få ho ferdig.
Frida på veg
No er boka trykt, og Det hjertet husker kjem straks ut. Eg har berre sett foto av print frå trykkeriet, men ikkje det ferdige resultatet. Eg er spent som ein unge, som eg jo alltid er når ei ny bok er på veg.
(Illustrasjon: Hilde Kramer)
YouTube - Det hjertet husker - Aschehoug bokfilm
Årets utvalgte bildebøker
Kulturdepartementet og Bokhandlerforeningen har valgt ut fem bildebøker som dei presenterer i Bla! Og det er sjølvsagt stas for Hilde Kramer og meg at ei av dei er Det hjertet husker som kjem ut no i oktober.
Ungdomsroman vs Vaksenroman?
Er det flaut å lesa ungdomsbøker etter at ein har begynt på vidaregåande?
På nettmagasinet.no vert denne overgangen diskutert, det viser seg mellom anna at gutar kanskje hoppar raskare over på vaksenbøker. Sjølv gjorde eg eit voldsomt sprang - men står no med ein fot i kvar avdeling.
Sortland Mystery Geocoin
Nyleg fekk eg mail frå Andy Hyde som held på med geocaching saman med dottera Anne Cathrine på 11 år. Han har laga eit geocacher-opplegg med utgangspunkt i Kunstdetektivene (litt på tynn is her når det gjelder begrepa).
Det går altså ut på at ein såkalla Geocoin-mynt reiser frå Geocache-boks til Geocache-boks i verda, og ein kan følgje med på nettet kor langt den har komme. Mynten har no i oktober starta på reisa si. Den blei lagt i ein Geocache-boks i London i går på veg tilbake frå haustferien. Bildet vedlagt viser Anne Cathrine med mynten, ein GPS vert brukt for å finna fram til "cachene" og boksen er det som er Geocachen. Geocachen er gøymt ein stad, denne gongen altså ein stad i London, slik at andre reisande kan plukka opp mynten og hjelpa den på veg til ein av sine destinasjonar. Som altså er landa/byane i Kunstdetektivene (sjå titlane i serien). Sjekk meir på www.geocaching.com.
SEPTEMBER 2009
Nominert og nominert og nominert Bergen-mysteriet er nyleg nominert til Arks barnebokpris. Og eg er også nominert til Alma-prisen, ein av verdas største bokprisar for barn- og ungdomsbøker, også kalt Astrid Lindgrens Minnepris. I tillegg er eg nominert til nominert til H.C. Andersen-prisen i Danmark, som er like stas som Alma-prisen. Eg har aldri vore så veldig nominert som akkurat no. Pessimistisk som eg er, tør eg ikkje å tru at det er eit godt teikn … Men nokon heiar på meg der ute, og det er eg uansett veldig happy for.
Nytt opplag i Tyskland Die Minute der Wahrheit (Hanser) som Ærlighetsminuttet heiter på tysk, kjem no i ny pocketutgåve i Tyskland. Romanen var i fjor nominert i til Deutscher Jugendliteraturpreis, og kom i fleire opplag. 090909 skreiv Sybille Lau om denne utgåva: "das Buch finde ich voll cool", og Bücherfan skriv: "Unbedingt lesen!!" Såpass tysk frå vidaregåande hugsar eg at eg forstår at dette er sehr gut. Jawohl, jawohl.
Hellau Sweden! Alle har eit sultent hjerte kjem ut på svensk 21. september. Tekstar blei liksom mycke, mycke kulare på svensk, eller det er berre eg som framleis er forelska i Malin. Gunnar Ardelius har i alle fall gjort ein knall jobb med omsetjinga.
Research for harde livet
Fekk dette bildet frå Trond nyleg, som er teke på research-turen vi hadde saman for å laga Bergen-mysteriet. Øverst ser du ein veldig tilfeldig valgt modell som poserer for Trond i Maria-kirken, slik at han seinare kunne laga illustrasjonen som du finn på side 57 i den ferdige Kunstdetektivene nummer 10.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Korleis lagar ein ei bildebok?
Dette maleriet av Frida Kahlo ("Meg og mine papegøyar") såg eg første gong då eg var nitten år. Det er eit av dei bilda eg aldri blir ferdig med. Kvifor akkurat dette bildet? Eg veit ikkje, eigentleg. Eg blei forelska. Mange har blitt forelska i Frida Kahlo, det er fort gjort. I fjor reise eg til Mexico for å oppsøkja mest muleg av Frida Kahlos verden og referansar. Eg ville skriva ei bok med utgangspunkt i hennar univers, har tenkt på det i årevis. Eg skreiv nokre skisser fram og tilbake, men etter å ha besøkt eit lite sjukehus der, kom forteljinga. Eg kontakta Hilde Kramer, og då blei det endå meir dreis på det. Hilde Kramer hadde også eit sterkt forhold til Kahlo. Vi har begge vår eigen måte å jobba på, og viss du følgjer denne linken, får du ei bra innføring korleis ei bildebok blir til. Sett frå Hildes ståstad.
(Frida Kahlo: Meg og mine papegøyar)
Ny Kunstdetektivene-bok Kunstdetektivene 10: Bergen-mysteriethar no komme ut. Stig Svartvik går denne gongen heilt bananas i Bergen. Det gjer David også.
Sekser!
Fin liten kritikk i bladet Superblink 5-2009 (pdf):
"Kul bok ... En av bøkene du skriver navnet ditt i med fin skrift."
Kunstdetektivene 10: Bergen-mysteriet er planlagt å komma ut ca. 15. september. Vi styrer på med illustrasjoner og fiksing med ditt og datt framleis, det ordnar seg smått og senn. Viss du vil bestilla boka på førehand, klikk her.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
JULI 2009
16.000 i USA
Har nett fått vita at Raudt, blått og litt gult som Lars Elling og eg laga i 1993, no har seldt ca. 16.000 eksemplar i USA. Det er good news for ei norsk bildebok som kom ut for første gong i Norge for 16 år sidan. På amerikansk er tittelen Anna's Art Adventure. Boka er elles utgitt i blant anna Danmark, Austerrike, Tyskland, Sør-Korea, Taiwan, Palestina, Spania og Frankrike.
Trond Bredesen kan snart ta ferie
Ferdige illustrasjonar til Kunstdetektivene 10 rasar inn på pc-en min, det er alltid stas å sjå kva illustratøren har gjort, det er som å sjå forteljinga eg har skrive på nytt. Snart kan Trond ta ein velfortent ferie. God sommar!
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Research på Island I På tur til Island for å finna historiar og sjekka stader til eit nytt prosjekt eg held på med. Vestmannaeyjar er ein av mine absolutte favorittar (men det ser kanskje ikkje ut som om eg har det så veldig gøy).
Research på Island II
Djupare inn i researchen på veg til Landmannalaugar (heilt tilfeldig fyr eg traff som kjørte bilen, stakkars ...).
JUNI 2009
Litteraturproduksjon for videregåande - bli di eiga forteljing Har fått prosjektstøtte gjennom Norsk Forfattersentrum til å utvikla ein litteratur-produksjon for vidaregåande skule. Eg har kalla prosjektet "Bli di eiga forteljing", eit opplegg der eg har eit skrivekurs saman med elevar, som resulterer i dialogar skrivne av elevar. Dialogen skal bli filma heilt enkelt med elevar sjølv, og skal kunna brukast seinare. Den Kulturelle Skolesekken bidrar også her. Eg har alliert med meg Alligator Film i Bergen, og skal kursast sjølv og få tips og råd korleis ein kan filma ein heilt enkel scene til dette spesifikke bruket, og slik at lærarar og elevar sit igjen med noko konkret seinare. Det handlar eigentleg ikkje om filmskaping, men om å laga forteljingar gjennom dialog. Filminga er eit verktøy til å skapa ei felles deltaking og forståing. Om du jobbar i vidaregåande og vil ha besøk av meg, kan du lesa meir om dette her på heimesida mi i september/oktober, då vil produksjonen etter planen vera ferdigutvikla. Du kan også kontakta meg her.
Eg vil unngå det trivielle Intervju (pdf) i Kirke og Kultur 1-2009 (Universitetsforlaget).
Trond teiknar! Kunstdetektivene 10 er no snart ferdig. Trond Bredesen skissar og teiknar for harde livet. Som vanleg går sommarferien i det. Men det blir bra. Boka kjem sånn cirka i september ein gong.
(Skisse: Trond Bredesen)
Strand-bok Barcelona-mysteriet kjem no i pocket-utgåve, den har eit glætt & hendig omslag som gjer at den trygt kan lesast på stranda.
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Seld til Sverige Alle har eit sultent hjerte er no seld til Sverige. Det er det fine forlaget Xpublishing som skal gi ut romanen. Alle har eit sultent hjerte har allereie fått knall omtale på denne bloggen: "Absolut prosagehör er veckans bästa uttryck för mig. Enquist har det, Sortland har det." Jau jau, seier eg.
MAI 2009
Hurra for Händel
Fine tankar om siste romanen min på bloggen Ord om annet.
Nominert til Hans Christian Andersen Awards 2010 Eg er så heldig å vera blant dei nominerte til barne-og ungdomsbokforfattarenes ”nobelpris”, nemlig Hans Christian Andersen Awards. Eg lyg ikkje når eg seier at det er stas. Thore Hansen er nominert til illustratører-prisen. Det er mange gode namn på lista, om eg vinn vil det vera eit under, men uansett - takk til IBBY, og alle andre som heiar på meg.
Borggården USF USF Verftet introduserer et nytt visningssted: Borggården USF. Stedet er sentralt i USF huset og alle som skal besøke en konsert eller annet kulturarrangement passerer kunsten på sin vei. Først ut er forfatteren Bjørn Sortland og billedkunstneren Line Hvoslef (bildet), som begge har arbeidssted på USF Verftet. Line Hvoslef har illustrert et utdrag av Bjørn Sortlands tekster fra boka Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord (Samlaget). Tekst og illustrasjoner er laget med maling og kritt rett på veggene. Denne utstillingen står frem til 14 mai.
APRIL 2009
Händel-år!
Denne våren er det 250 år sidan den store tysk/engelske komponisten Händel døydde i London, og dette vert markert mange stader i verda. Livet og musikken hans sette meg i modus til å skriva denne vesle romanen, som mest handlar om ein liten gut som er redd for å mista mor si. Boka blir no lansert på Iko-forlaget.
(Illustrasjon: Marvin Halleraker)
Nytt manus
Manus til Kunstdetektivene 10 er no skrive ferdig, boka kjem til hausten. Trond Bredesen er i gong med omslaget. Kan du sjå på frisa kva by handlinga utspelar seg i?
(Illustrasjon: Trond Bredesen)
Hvem skrev den beste boka? Intervju med Sverre Henmo og meg i Vårt Land.
Artikkel i txt Artikkel i txt om forholdet mellom kjærleik, kunst og religion i skrivinga mi, mykje av det eg skriv om i romanen Ærlighetsminuttet (Aschehoug 2005).
(Krossfestinga, 1911-12, Emil Nolde)
MARS 2009
Ny roman 29. april blir mi nye bok Halleluja lansert i Oslo på Iko-forlaget. Boka er ein roman frå 1600-talets dramatiske London, med komponisten Händel i ei viktig rolle. Eg har vore på to research-turar, og håper at boka blir vel teken imot. Marvin Halleraker har illustrert boka på smæshing vis. I vår er det 250 år sidan Händel døydde. (Illustrasjon: Marvin Halleraker)
Bildebokprosjekt om Frida Kahlo Saman med Hilde Kramer jobbar eg no med ei bildebok der Frida Kahlo sin kunst og liv er svært sentralt. Eg har lenge drøymt om å laga denne boka, og eg reiste til Mexico i fjor for å gjera research. Det er særleg stas å jobba med Hilde, fordi ho er ein av dei knallflinkaste illustratørane som fins. Boka kjem til hausten, men dette bildet fekk eg berre lyst å leggja ut allereie no.
Hovedbok i Bokklubbens Barnas Lydbøker Barcelona-mysterieter akkurat lest inn av Aksel Hennie, og altså hovudbok i Bokklubben Barnas Lydbøker i januar.
12 ting som må gjerast rett før verda går under kjem no i pocket Forlaget skriv: "Dette er ei vakker bok, morosam og djupt alvorleg på same tid, ei bok til underhaldning og ettertanke. Bokas hovudperson, Therese på tretten, er ei uredd jente som resolutt tek saka i eigne hender når ho føler at no er det rett før verda går under. Ho lagar ei liste over tolv ting som må gjerast, og den følgjer ho punkt for punkt. Utan noko tull.
Med denne boka blei Bjørn Sortland den norske vinnaren av Skandinavisk romankonkurranse 2001".
Enkelhetens kunst "Dette er en roman som tar ungdom på alvor, og som kjenner enkelhetens kunst.": Kritikk i Fredrikstad Blad.
Meir kritikk under MEDIA
Kunstdetektivene på nye språk
No har Kunstdetektivene nyleg komme ut på katalansk og baskisk. Sist veke fekk eg mail frå to lesarar frå Bilbao. Dei minna meg på at dei jo har eit av verdas kulaste kunstmuseum der, Guggenheim-museet …