Logo
 
Piggsvin forlag
english

TILBAKE TIL AKTUELT

AKTUELT (ARKIV 2008)

DESEMBER 2008

Liste
Lista over dei ti beste barne-og ungdomsbøkene i 2008 (Adresseavisa).
ill

Orgel eller døden!
cover
Etter litt fram og tilbake er organist Amund Dahlen, illustratør Per Dybvig og eg endeleg i hamn med Ferdinands orgelbok, ei lærebok i orgelspeling for barn. Sjå link til NRK sin omtale. Eg har skrive den skjønnlitterære delene av boka, Amund Dahlen har ansvaret for alt fagstoffet. På dette området er eg ikkje noko guru. Boka er gitt ut på Cantando Musikkforlag i Stavanger.


NOVEMBER 2008

Nytt opplag i Tyskland
coverRomanen Ærlighetsminuttet blir trykt i nytt opplag i Tyskland. Boka er gitt ut på Hanser.





Nytt opplag
Barcelona-mysteriet kjem i nytt opplag til jol! Og det må igjen nemnast at eg er svært happy med at ein illustratør på dette nivået illustrerer Kunstdetektivene. Sjekk Trond Bredesen si webside. Sjå også kritikk i Aftenposten.
ill

Romanen Triks seld til Sverige
CoverRomanen Triks er no seld til Sverige, og kjem ut der neste år. Tidlegare i år i kom den ut i Danmark på Forum forlag.




London calling
Jobbar for tida med ein roman der komponisten Händel har ei sentral rolle. Etter at eg var på studietur til London for å sjå korleis han budde m.m. synes fleire halvgode venner at researchen min har gått over i parodien. Anyway, boka kjem til våren, kanskje skal vi igjen oppleva ei tid der størrelsen på ein manns parykk er heilt avgjerande.
ill

Lansering av ny bok, Litteraturhuset
Etter fleire års venting, er boka Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn ferdig. Inger Lise Belsvik og eg har jobba saman lenge med dette prosjektet, og med god hjelp frå Leser Søker Bok og Solum forlag, lanserer vi boka onsdag 5. november på Litteraturhuset i Oslo. Dette er ei taktil bok, ei føle-bok, ei bok for både blinde og sjåande. Boka byr på både patroner og silke, men det er først og fremst kjærleik og krig det handlar om - kva elles? Boka har også sitt eige, nykomponerte Balkan-soundtrack.
cover

OKTOBER 2008

Ny roman
cover
Alle har eit sultent hjerte er ein roman om Ina som er redd for at grueverken i magen er noko langt meir enn berre grueverk. Kva gjer ein når det som ikkje skal skje allereie har skjedd? Plutselig er virkeligheten blitt så virkelig at det gjer vondt. Og går det an å treffa den som ein drøymer om før ein eigentleg veit det?
Boka har fått fin kritikk bl.a. på barnebokkritikk.no


SEPTEMBER 2008

Lansering
No er Kunstdetektivene 9: Barcelona-mysteriet nyleg lansert, du finn den i ein bokhandlar nær deg!
ill

Bjørnsonfestivalen 2008
Eg har nyleg komme heim frå Bjørnsonfestivalen. Stort sett var det klassebesøk på ungdomsskular, eg må seia at det var veldig roleg ungdom i Molde og omegn. Eg fortel om korleis eg jobbar når eg skriv, og les litt. Og multimedia har komme for å bli, eg satsar ofte på at det gir ein viss autoritet å bruka flipover. (Den IKT-ansvarlege på skulane i Norge er ofte ”nett no” i permisjon eller på kurs, eg vågar aldri satsa timen på å bruka data-ting.) Eit høgdepunkt på festivalen var å høyra Vigdis Hjort lesa inderleg godt og sårt frå sin kommande roman.
foto

Kunstdetektivene på fransk
KUNSTDETEKTIVENE kjem no ut i Frankrike. Venezia-mysteriet og Luxor-mysteriet er i bokhandelen allereie, Angkor-mysteriet er på veg. Bøkene er omsett av Marie- Pierre Fiquet, som er gift med Trond Bredesen som illustrerer alle bøkene.
tegning

AUGUST 2008

Ny bok
cover Kunstdetektivene 9: Barcelona-mysteriet er i bokhandelen om nokre få veker. Stig Svartvik er meir på høgget enn nokon gong. Han er no førti år, og har laga ein action-figur av seg sjølv. Han har også lagt opp til ein nifst bra fest. Siden han har få venner i fengslet, må han anten betala folk, eller tvinga dei til å komma.
tegning

JULI 2008

Sommerboka
cover
Torsdag 17. juli kjem Kunstdetektivene 8: Paris-mysteriet som Sommerboka i Dagbladet, heile boka ligg ved som bilag. Eg håper sjølvsagt at ungane blir liggjande søvnlause av skrekk og fryd rundt omkring i hytter og hus.



Lansering av heimeside
Endeleg har eg somla meg til å få ferdig ei heimeside.
Viss du skal skrive oppgåve, har lyst til å lesa om bøkene mine, har lyst å ha forfattarbesøk eller skrivekurs, så klikk her og der på sida mi. Eg er ikkje happy med nettsider som aldri blir oppdaterte, så eg kjem til å bruka energi på å få lagt inn ny info i alle fall kvar månad.

Nytt manus
cover
Manus til Barcelona-mysteriet, bok nummer 9 i serien om Kunstdetektivene, er no levert. Denne gongen dreg David og familien til Spania, der dei blir invitert i selskap til ein kjent, men ikkje kjær skurk som berre vil leika veldig sjuke selskapsleikar. Boka kjem i august, Trond Bredesen har nesten øydelagt sommaren for å få illustrasjonane ferdige i tide.

Roman omsatt til svensk
cover
Romanen Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (Aschehoug 2007) kjem på svensk med tittelen Vad är så  skört at det bryts om du säger dess namn? (Omsett av Gunnar Ardelius, www.xpublishing.se). Gode kritikkar allereie.



Ny bok
Eg er i innspurten med Ferdinands orgelbok (arbeidstittel), eit prosjekt i samarbeid med illustratør Per Dybvig og organist Amund Dahlen. Det blir ei skjønnlitterær lærebok for barn og unge som skal møta kyrkjeorgelet for første gong. Guiden inn i den store, mystiske orgelverda er Ferdinand, ein gut på tolv år, som mest av alt er forelska i den vakre Elena. Per Dybvig har laga knallers illustrasjoner. Boka kjem ut på Musikkforlaget Cantando til hausten.tegning
(Illustrasjon: Per Dybvik)

Litteraturfestival
Eg deltok på Litteraturfestivalen, Lillehammer (Sigrid Undset-dagene). Gøy å vera der, hadde m.a. 2på1 time-samtale saman med Annika Thor, ein av dei finaste forfattarane i Sverige. (Litt ufokusert foto av forfattaren sjølv med fire Stormtroopers som ikkje på noko tidspunkt hadde fokus på den gode samtalen.)bilde

Prisnominering
Romanen Die Minute der Wahrheit (Hanser Verlag 2007) - Ærlighetsminuttet på norsk (Aschehoug 2005) - er nominert til Deutscher Jugendliteraturpreis 2008. Prisen vert delt ut under  bokmessa i Frankfurt, oktober 2008. I 1996 vant illustratør Lars Elling og eg Deutscher Jugendliteraturpreis for billedboka vår Raudt, blått og litt gult (Samlaget, 1993).

Pocketutgåve
cover
Ærlighetsminuttet - Roman om kunst og kjærlighet er nyleg også komme i pocket (Aschehoug 2008).

TILBAKE TIL AKTUELT
AKTUELT 2015 (ARKIV)
AKTUELT 2014 (ARKIV)
AKTUELT 2013 (ARKIV)
AKTUELT 2012 (ARKIV)
AKTUELT 2011 (ARKIV)
AKTUELT 2010 (ARKIV)
AKTUELT 2009 (ARKIV)
AKTUELT 2008 (ARKIV)