Logo
 
english

AKTUELT

AUGUST 2010

Fest og greier
Hagefest er no hagefest, og i dag slepper Aschehoug haustlista si, blant anna er ein ny Kunstdetektivene-bok på lista (bombe!), som kjem om cirka ein månad. Handlinga i boka foregår mens det er gladmatfestival og greier i Stavanger, der slett ikkje alle bidrar på ein positiv måte til å skapa gladstemning. Det dukkar garantert opp svartkledde, dødsalvorlege festbremsar – moooooo-ha-ha (kunne ikkje dy meg).
Stavanger-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

To the point
Ingelin Røssland og Sverre Henmo har skrive eit viktig og poengtert innlegg i Aftenposten om at det er forskjell på triviallitteratur og kvalitetslitteratur - også i bøker skrivne for barn og ungdom. Dette er sjølvsagt i andre samanhengar, men ofte ikkje når barnelitteratur blir diskutert.
Bokhylle

Eit lite glimt
av skurkane i Stavanger-mysteriet. Please turn off your mobile phones.
Stavanger-mysteriet
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

No lar eg kinnskjegget gro
Nyleg fekk eg ein kjekk telefon frå Åshild Widerøe på Ivar Aasen-tunet, som er programansvarleg for Dei nynorske Festspela: Eg blir Festspelforfattaren i 2011. Det er stas å bli gjort stas på, og eg ser dei som ei ære å bli invitert til dette. På denne dag, 5. august 2010, åt vi kake for Ivar, som i dag hadde blitt 197 år. Sola skein. Og eg lurer på å få meg katt.
Ivar Aasen

JULI 2010

God sommar!
God sommar

NRK p2 melding
Storslått og vakker (Bokmelding av Alt det som er)
cover

JUNI 2010

Stavanger-mysteriet
blir tittelen på haustens Kunstdetektivenebok. Trond teiknar for harde livet, eg flikkar framleis på teksten. Vi jobbar igjen knallhardt for at det skal bli ei ny knallbra bok.
Stavanger-mysteriet

Kunstdetektivene 11
kjem ein gong i september/oktober. Frisa under som Trond har laga fortel kva by David og familien er i denne gongen, ikkje så forferdeleg vanskeleg å gjetta …
Kunstdetektivene 11 

Ny bokmelding
" … sammen går tekst og bilde opp i en høyere enhet. Dette er den vakreste bildeboken jeg har lest på lenge." Bokmelding (pdf)
Heidi Sævareid, Vårt Land
Paul Dikker, Convocation, olje på lerret 2008
(Paul Dikker, Convocation, olje på lerret 2008)

Kunstdetektivene-research på plattform
Illustratør Trond Bredesen og eg var så heldige å få lov til å reisa ut på Statfjord C i forbindelse med research til Kunstdetektivene 11. Det var skikkeleg skojigt! Vi heldt også foredrag om kvelden til eit triveleg publikum. Hjartans takk til Tommy, Hilde, Bjørn, Frode og alle andre i Statoil som fiksa det slik at vi fekk reisa, og laga eit godt organisert opplegg. Handlinga i boka skjer ikkje nødvendigvis på Statfjord C, men vi trengte autentisk oljeboreplattform-feeling. Og det fekk vi. Boka kjem i oktober.
Statfjord C
Eg viser med enkle, men informative rørsler kor helikopteret kan landa.

Statfjord C
Vi ville gjerne grille på helidekket, men Statoil-representanten kjente på ein liten usikkerheit.

Statfjord C
Ikkje pling meir enn ein gong på personalet i verktøybua!

Statfjord C
Uskarpt bilde, lynande skarpt foredrag.
 
Statfjord C
Bedre med to re-per-a-tør-er enn ingen re-pe-ra-tø-rer?

MAI 2010

Heia Sverigex3!
Tre lesarar har lest Kva tåler så lite at det knuser om om du seier namnet på det?. Romanen har no komme i ny utgåve i Sverige. Denne boka er eg svært glad i sjølv, så så det er fint når andre også likar ho. Rett og slett.

Kunstdetektivene nummer 11
Førsteutkast av manus til ny Kunstdetektivene er no snart ferdig. Framleis må Trond Bredesen og eg reisa på ein research-tur før alt er i boks, men Trond har allereie laga ferdig illustrasjonen til omslaget. Kva by det er frå denne gongen? Gjett! Boka kjem til hausten, i september. Sånn cirka.
Kunstdetektivene 11 (Illustrasjon: Trond Bredesen)

Meg og deg
Mangschou forlag gir i desse dager ut ei lita, kresen, intelligent bildebok av forfattaren og illustratøren Anthony Browne – Meg og deg. Eg er happy med at eg fekk lov til å omsetja ho til norsk. Det er ein kort tekst, men det tilsynelatande lette språket ho er skriven i er ganske krevjande, og det gjennomtenkte samspelet mellom tekst og bilde, gjorde det gøy og såkalt utfordrande å omsetja boka (no er ikkje eg ein omsetjar med lang fartstid, la det vera sagt). Berre tittelen har i seg ei stor spenning. Sjekk elles www.mangschou.no, dei har mange fine bøker på lur.
Meg og Deg

APRIL 2010

Biletboka som kunstgalleri
Bokmelding av Alt det som er på barnebokkritikk.no 

… eit lite mesterverk …
 Fin kritikk av Alt det som er i Bergens Tidende.
Paul Dikker: Right is right, olje på lerret
(Paul Dikker: Right is right, olje på lerret)

Vakkert om Händel
”Styrken i Bjørn Sortlands kunstprosjektbøker er at de alle har en sterk og selvstendig fortelling …”: Fin kritikk i Barn i Byen.
Halleluja-cover

Ut or oska!
Greier du å identifisera fem forfattarar, kor ein av dei også er illustratør? Vi var med på ein stor og gripande litteraturfestival i Lofoten nyleg, bra opplegg på alle vis. Og god mat. Ikkje minst. Dette fascinerande gruppebiletet vart teke berre ein halvtime før vi kom oss ut or oska med siste fly frå Svolvær. Oske til oske, dust til dust. Så vart Noreg stengt.
Svolvær

Påskekrim med Kunstdetektivene
NRK Super sender no som høyrespel Venezia-mysteriet i Barnetimen. Det er ei nyinnspeling for radio kor foreldra til David snakkar nye, og overraskande kule dialekter.
Venezia-mysteriet

MARS 2010

Salomos Høysang har fått ny musikk
Gunnar Danbolt har skrive ein interessant artikkel i BT om komponist Knut Vaage sitt nye stykke, som vart framført i Korskirken nyleg. Viss du vil vekk frå triviell tosseskap og lettvinte løysningar, høyr på Knut Vaage.
Salomo
(Ill: Detalj frå Piero Della Franceskas freske i koret i San Francesko-kirken i Arezzo, Italia)

Kanskje årets beste bildebok
Bra ingress i ein elles bra kritikk (pdf) i Aftenposten nyleg for boka vår. Måtte det fortsette slik. Morten Haugen påpeikar at det ikkje er ei barnebok, sjølv om det er ei bok med bilder.
Paul Dikker, Mountainmessage nr 7
(Paul Dikker, Mountainmessage nr 7, olje på lerret)

”Dette er min nyeste skatt i biblioteket!”
coverFin lita bokmelding av Det hjertet husker på ein blogg eg snubla over. Det er er jo mykje bra å lesa på bokbloggar her&der. Internett og EDB og sånn har komme for å bli, det trur eg på!





Ny bok ferdig!
Endelig er bildeboka vår Alt det som er ferdig. Paul Dikker og eg kan pusta ut. Meldinga om at boka er ferdig frå trykkeriet, er alltid breaking news for ein forfattar. Det har skjedd. Boka fins, heilt verkeleg, plutseleg er ho. No kan ho kan visast fram i all si prakt. Nåde den som snakkar skit om ungen. Ho fins i butikken frå 24. mars.
Alt det som er

Stig Svartvik har bestemt seg!
Det kom inn mange forslag til konkurransen om plass og handling i neste Kunstdetektivene-bok. Einaste jury-medlem og ganske diktatorisk jury-formann Stig Svartvik har no bestemt seg: Vinnaren vart Alfa Lin Fredly. Det blei ein annan by enn det som Alfa Lin foreslo, men element  frå forslag til handling blir med i neste bok.
(Mange sendte inn forslag uten adresse, også Alfa Lin, som har fått fleire mail om dette, uten å svara. Viss nokon der ute veit kven Alfa Lin Fredly er, så gi beskjed, så kan eg få tak i adressa, og straks senda av gårde premien på 30 signerte eksemplar av New York-mysteriet til vinnaren! Send meg mail eller sms: 95809898)
Vinner

Gratulerer!
coverUnder Grafill sin årlige utdeling for beste bokdesign og illustrasjon, vant Hilde Kramer sølv for omslag i kategorien barn-og ungdom. Ho fekk prisen for boka vår Det hjertet husker. Juryen seier: ”En kraftig og konfronterende forside man ikke kommer forbi. Kramers fargebruk forsterker intensiteten.” Eg har inga bok med Øyvind i år, men Øyvind Torseter vant også masse greier, gull for skjønnlitteratur/bildebok, og fleire diplom. Det viser seg at eg gong på gong jobbar med dei beste. Flaks for meg. 

Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar på arabisk
CoverSphinx Agency i Egypt har nyleg kjøpt rettane, og skal gi ut den vesle romanen min Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar på arabisk. Boka er tidligare utgitt i Danmark, Tyskland, Italia og Spania. Ho vant Aschehougs romankonkurranse i 1997, og er ei av dei bøkene som har tatt meg rundt. Stas med Egypt, som er på topp-ti-lista mi over knalle reisemål, har mellom anna skrive Himmelkyss, Love Light og Luxor-mysteriet med handling frå dette fine landet. Dette er andre boka eg har skrive som er omsett til arabisk, den forrige var Raudt, blått og litt gult som kom ut i Palestina i 2006.
Sphinx

Gratulerer, Marv!
Den gode Marvin Halleraker har 12. mars vunne Illustrasjonsprisen til Kulturdepartementet, nemlig for illustrasjonane i boka Halleluja (IKO-forlaget 2009). Gratulerer Marv, vel fortjent! Eit lite halleluja er på sin plass i slik ei stund.
Ill
(Illustrasjon: Marvin Halleraker)

Alt det som er
Boka til Paul Dikker og meg har maaaaaaaaaaaange fine bilder å by på, boka kjem visstnok no i mars, det har eg jo eigentleg sagt før, har berre lyst til å visa eitt bilde til.
Paul Dikker: Conscious of
(Paul Dikker: Conscious of, olje på lerret)

FEBRUAR 2010

Smakebit
Snart får vi tru våren kjem. Ein liten smakebit til frå boka vår Alt det som er, kjem.
Paul Dikker
(Paul Dikker: Where to, olje på lerret, 2006, 94x20cm)

Mysterie-toast og Svartvikskake
Kunstdetektivene-kveld på Litteraturhuset 16. februar klokka 17.30.
  Kunstdetektivene

Ny bok på veg!
Bildeboka Alt det som er er på veg til trykkeriet snart. Eg har jobba lenge saman med den nederlanske bildekunstnaren Paul Dikker, og har stor glede av å laga ei bok med så mange gode bilde. Aschehoug seier at boka kjem i mars ein gong.
Paul Dikker

JANUAR 2010

Konkurranse!
Vinn eit klassesett (30 eksemplar) med signert førsteutgåve av Kunstdetektivene 4: New York-mysteriet.
Oppgåva er:
1) Skriv ned eit forslag til byen neste Kunstdetektivene-bok skal komma frå.
2) Skriv også ned forslag til handling i boka på maksimum 20 linjer, alt på tilsvarande ei A4-side - med dobbel linjeavstand, sendt på meil.


Eg plukkar ut ein vinnar, og sender 30 bøker av New York-mysteriet som du og klassen din får. NB! Om du ikkje vinn, vil eg likevel stjela gode idéar frå alle forslaga eg får inn, heile poenget for meg er å få inn gode idear som Stig Svartvik og eg fritt kan stjela. Ikkje sei at du ikkje er advart! Og kan hende brukar eg ikkje noko av det som kjem inn, verken by eller handling - men ein klasse får altså bøker. Vinnaren vert kåra 1. mars. PS! Eg har ein gammal pc som går på diesel i staden for straum, så send heile greia i eit vanleg godt & gammalt Word-dokument til: bjorn.sortland[@]c2i.net  (Du må skriva denne adressa utan klammer når du sender meilen).
Frist for innlevering: 31. januar 2010.
Alter ego

AKTUELT 2009 (ARKIV)
AKTUELT 2008 (ARKIV)